Legevikarane har ei garantiinntekt på 23 000 kroner veka, skriv Hardanger Folkeblad..

Legemangelen er stor i distrikta. På sundag kom lege nummer 22 til Helse-og sosialsenteret på Utne. Nummer 22 i år! Dei fleste vikarane vert der i fjorten dagar før det kjem eit nytt fjes og tek på seg den kvite frakken.

Ei av dei som opplever stoda som vanskeleg er Gunnlaug Vines frå Aga.

Ho presiserer likevel at legane som kjem der gjer sitt beste, og at folka ved senteret strekkjer seg langt for å gjere pasientane komfortable med stoda.

— Dei gjer ein kjempejobb, og me får jo hjelp. Men for folk som treng å treffe lege jamleg er det slitsamt å fortelje heile si medisinske soge på ny kvar fjortande dag, og då i ei språkstode som kan skape like mange mistydingar som oppklaringar, seier Gunnlaug til Hardanger Folkeblad.