Etter at soknemøtet i oktober gav klart signal til soknerådet om å droppa planane om å leggja ned drifta av Storekalsøy og Stolmen kyrkjer, har soknerådet bede om at kommunen løyver 155 tusen kroner til det kyrkjelege arbeidet.

Soknerådsleiar Ingebrigt Austevoll seier til Kystradioen at saka om kyrkjestruktur blir tatt opp på nytt dersom soknerådet ikkje får tilført naudsynte midlar.

Ordførar Helge Andre Njåstad (Frp) seier på si side at kommunen ikkje har meir pengar til drift av Austevoll kyrkjelyd. Han manar kyrkja til å gjennomføra kutt slik andre etatar må gjera.

– Kyrkja var den etaten som fekk størst auke frå 2008 til 2009 i budsjettet, seier Njåstad til Kystradioen.

John Lindebotten