KJERSTI MJØR

Livmorhalskreft er den hyppigaste årsaka til kreft hos kvinner på verdsbasis. 400 norske kvinner får diagnosen årleg, og kring 130 døyr av denne sjukdomen.

I Norge er det likevel brystkreft som er den mest utbreidde krefttypen blant kvinner. Men i den tredje verda dominerer livmorhalskreft, der stadig fleire kvinner døyr av sjukdomen. Ofte blir mødre med små barn ramma, utan tilbod om celleprøve eller behandling.

No er internasjonale forskarar i ferd med å utvikle ein unik vaksine mot livmorhalskreft. Til saman 10.000 kvinner i heile verda kjem til å delta i studien, og av desse skal 2000 vere norske.

Også Haukeland sykehus skal vere med i det fire år lange forskingsprosjektet. Sjukehuset er iferd med å byggje opp ei eiga forskingseining ved Kvinneklinikken i Bergen, og treng no kring 450 frivillege, unge kvinner i bergensområdet.

I Stavanger, Haugesund og Ålesund er det også behov for 350 frivillege til vaksineprosjektet.

Liten risiko

— Dette er avansert kreftforsking med eit globalt perspektiv, og ein flott sjanse for norske kvinner til å hjelpe medsøstre i fattige land, reklamerer professor og overlege ved Kvinneklinikken i Bergen, Ole E. Iversen, også mangeårig styremedlem i Den norske kreftforening.

Unge, friske kvinner mellom 18 og 23 år kan delta i forsøket, og vil få god medisinsk oppfølging i fire år. Men vil du vere med, bør du ikkje ha flytteplanar dei komande fire åra.

Vaksinen er såkalla «reinframstillt», som betyr at den ikkje inneheld levande partiklar som kan føre til infeksjonar. Vaksinen er alt testa på 4000 kvinner i eit forprosjekt, som også KK deltok i. Risikoen ved å delta skal vere minimal.

— Vi har ikkje sett alvorlege komplikasjonar så langt, seier Iversen til BT.

— Norske kvinner har elles spesielt gode føresetnadar for å delta i slike forsøk. Dei er ekstremt pålitelege, fråfallsprosenten er svært låg og Norge er derfor eit ettertrakta land for slike utprøvingar.

- Banebrytande

Denne studien er eit «milliarddollarprosjekt», finansiert av det amerikanske legemiddelfirmaet MSD. Men Iversen har ingen etiske skruplar av den grunn.

— Det var ingen problem med å få denne studien godkjent i Forskings-etisk komité. Prinsippet som skal testast er banebrytande, og perspektiva svært lovande. Klarar vi å utvikle ein vaksine mot livmorhalskreft, blir helsegevinsten endå større i den tredje verda enn Norge.

— Men kjem dei som har mest bruk for vaksinen ha råd til å kjøpe den?

— Hvis vi klarar å utvikle denne vaksinen, er mitt framlegg at Norge burde adoptere eit eller to land i den tredje verda, og stille vaksinen gratis til disposisjon for unge kvinner. Sverige kunne gjere det same, føreslår Iversen, og viser til at statsminister Stoltenberg tidlegare har uttalt at kvinne- og barnehelse i den tredje verda er eit satsingsområde.

— Slik kan vi i Norge bidra til å forhindre at mødre døyr frå barna sine utan behandling, seier Iversen til BT.

Les meir om vaksinasjonsforsøket på www.kreftvaksine.com

Fakta/livmorhalskreft

  • Livmorhalskreft kan skuldast virus, som vanlegvis blir overførte ved seksuell kontakt eller intim hudkontakt. Langvarig infeksjon kan forårsake celleforandringar i livmorhalsen.
  • HPV-infeksjon (Humant Papillom Virus) er mest vanleg. Denne virusgruppa inneheld ca. 120 undertypar, og kan føre til vorter på og rundt kjønnsorgan og/eller anus. Mest alle som har fått livmorhalskreft har hatt langvarig HPV-infeksjon.
  • Livmorhalskreft rammer særleg kvinner over 40 år, og sjeldan kvinner under 25 år. 1-2 av 100 norske kvinner får denne kreftdiagnosen.
  • Målet med ein vaksine er å forhindre infeksjon forårsaka av dei fire vanlegaste HPV-typane.
FORSØKSKANIN: 25-åringen Idun Fiskvik sa ja til å la seg vaksinere mot livmorhalskreft, fordi ho ville gjere noko for andre jenter.
Foto: Siv Johanne Seglem