Sjølv i 20 iskalde minusgrader greidde Velure å mønstra over tusen vossingar til å slå ring om sjukehuset i eit imponerande fakkeltog i fjor.

Det tok ikkje meir enn eit år før kampen må kjempast på nytt. Ei gravferd gjer det vanskeleg for Tove Velure å stå i brodden for aksjonen denne gongen, sidan der et kort tid til styremøtet i Helse Bergen. Men andre skal alt ha meldt seg, og Velure stiller gjerne som konsulent.

Leiaren i Voss Arbeidarparti, Kari Kronstad Pedersen har kalla inn til eit hastemøte for å sjå kva som skal gjerast.

— Det kom brått på, dette. Vi vart tekne på senga, og det var vel det som var meininga og, seier ho.

Avdelingsoverlege Ole Frost er redd for at situasjonen er meir alvorleg enn nokon gong. Han ser på nedleggingsframlegget frå administrasjonen i helseføretaket som fortvilande og forferdeleg leit. Han er ikkje det minste i tvil om at nokon må bøta med livet dersom fødeavdelinga på Voss vert lagt ned. Det er gjerne ikkje langt til Bergen, men for sterkt blødande er det for langt, seier han.

— Noreg er ikkje eit u-land. Tilbodet finst i dag, men no skal det pumpast attende til fortida. Vi må igjen kjempa for det vi trur på, og det vi meiner er rett for dagens Noreg, seier han.

Sjukehusdirektør Rolf Abrahamsen tvilar på om styret i Helse Bergen vil vedta nedlegging, og det same uttalte styreleiar Finn Strand i går ettermiddag. Personleg ville han ikkje gå inn for det.

— Vi må ikkje stella oss slik at småsjukehusa ryk, uttalte fylkesordførar Torill Selsvoll Nyborg i ei pressemelding i går. Ho fryktar at nedlegging av fødeavdelingar er starten på ei nedbygging av lokalsjukehusa.

Fylkesordføraren påpeikar også ulikskapen mellom landsdelane etter statleg overtaking av sjukehusa. Ho har rekna ut at den årlege løyvinga til Helse Vest må aukast med 695 millionar kroner for å utlikna skilnadane.