I fjor var det rekordmange 81 utbrot av pankreassjukdom (PD) i norske oppdrettsanlegg, mot 57 i 2006. Tre firedeler av sjukdomstilfella ramma oppdrettslaks i Hordaland og Sogn og Fjordane.

— Dei siste to åra har PD fått mest merksemd blant fiskesjukdommane på Vestlandet. Gjennom smitteverntiltak som gjeld frå 1. desember håpar vi å driva sjukdommen på retur og hindra spreiing til andre landsdelar, seier seniorrådgjevar Paul Negård i Mattilsynet.

Ifølgje Negård er Hordaland og Sogn og Fjordane spesielt ramma på grunn av mange oppdrettsanlegg med kort fråstand og mykje flytting av fisk.

Tidlegare har sjukdommane ILA og furunkulose ridd laksenæringa som ei mare. Epidemiar vil dukka opp med jamne mellomrom også i framtida, trur Paul Negård.

— Virusa kjem frå naturen, frå villfisk. I tette fiskebestandar får virus endra livsvilkår, blir meir aggressive og skiftar karakter, seier han.

Tiltaksplan i vest

PD-utbrot i eit anlegg kan kosta oppdrettaren rundt ti millionar kroner året i produksjonstap. Det svarar til over 800 millionar kroner på landsbasis.

Oppdrettsnæringa har sett i verk ein tiltaksplan mot PD ut frå nye forskrifter frå Mattilsynet. Planen gjeld inntil vidare frå Egersund til Hustadvika.

— PD er såpass alvorleg for aktørane at alle er villige til å leggja inn pengar for å få bukt med sjukdommen, seier Hans Inge Algrøy i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforbund (FHL Vestnorsk).

Oppdrettarane vil bruka mellom tre og fire millionar kroner dei neste tre åra i kampen mot PD.

Oppdrettsfrie soner

— Vi har oppretta ei eiga styringsgruppe og delt landsdelen inn i ti soner der oppdrettarane har eit spesielt ansvar for å motverka PD, seier Algrøy.

Den nye forskrifta forbyr oppdrettarar å flytta fisk frå PD-ramma anlegg utan løyve frå Mattilsynet. Oppdrettsbåtar, fôrflåtar, flyteringar og anna utstyr skal desinfiserast. Brønnbåtar får strengare krav til seglingsruter.

I visse område skal det opprettast såkalla branngater eller oppdrettsfrie soner for å hindra smitte.

Årleg går det 10 - 15 millionar smolt frå Vestlandet til Nord-Noreg. All smålaks skal no testast for PD før eksport nordover.

— Vi prøver no å etablera nye driftsregime med soner, branngater og flytterestriksjonar som også kan vera førebyggjande mot andre sjukdommar i framtida, seier Hans Inge Algrøy.

PD er tema på havbrukskonferansen «aqKva?» på Stord i dag.

NYE STIKK: Lakseungane må bu seg på nye vaksinestikk. Ein vaksine mot pankreassjuke (PD) er under utprøving. ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE