Aksjon Hardangerbru heiter nyskapningen. Folka bak har funne det klokt å utnemna ei av samferdsleministeren sine partifellar, venstremannen Sverre Kleivkås, som leiar for aksjonen.

-Det er viktig å syna at venstrefolk i Hardanger er for Hardangerbrua, sjølv om Venstre seier nei til bru i fylkestinget, seier Kleivkås, som har sete i kommunestyret i Ullensvang.

Til dagleg er Sverre Kleivkås avdelingsleiar i Sparebanken Hardanger på Lofthus.

-Det viktigaste for oss å oppnå i fyrste omgang er å få Hardangerbrua inn i Nasjonal Transportplan, seier Kleivkås, som reknar med ein del turar til Stortinget når det går mot handsaming av planen utpå vårparten.

MOGLEG LØYSING: Slik kan ei bru over Hardangerfjorden kome til å ta seg ut. (Arkivillustrasjon - biletet er manipulert)