Aksjon Hardangerbru heiter nyskapningen. Folka bak har funne det klokt å utnemna ei av samferdsleministeren sine partifellar, venstremannen Sverre Kleivkås, som leiar for aksjonen.

— Det er viktig å syna at venstrefolk i Hardanger er for Hardangerbrua, sjølv om Venstre seier nei til bru i fylkestinget, seier Kleivkås, som har sete i kommunestyret i Ullensvang.

Til dagleg er Sverre Kleivkås avdelingsleiar i Sparebanken Hardanger på Lofthus.

Han opplyser at Aksjon Hardangerbru skal underhalda med ein sketsj måndag kveld, når samferdsleministeren skal eta middag på Voss.

— Sketsjen handlar om Hardangerbrua, meir vil eg ikkje seia no.

Aksjon Hardangerbru har band bakover til tidlegare aksjonar, som Bunadskvinner for bru og Hardangerbru med betre vegar. Aksjon Hardangerbru sit på dei gamle medlemslistene med rundt 1000 namn, og Sverre Kleivkås vonar alle vil halda fram med å betala ein femtilapp til dekning av utgifter.

— Det viktigaste for oss å oppnå i fyrste omgang er å få Hardangerbrua inn i Nasjonal Transportplan, seier Kleivkås, som reknar med ein del turar til Stortinget når det går mot handsaming av planen utpå vårparten.

— Vil det nye prisoverslaget på Hardangerbrua, opp frå 1,3 til 1,75 milliardar kroner, gjera aksjonsarbeidet tyngre?

— Vi tykkjer det er leitt at prisen no er vorten så høg, men så er også alle tilførslevegane rekna med. Dessutan er konsekvensutgreiinga for brua positiv, og det er trafikktala og, etter det eg kjenner til, seier Sverre Kleivkås.