Budsjettlekkasjen kom frå samferdsleminster Liv Signe Navarsete (Sp) på dagens konferanse om E 39 i Førde. Ifølgje statsråden er meininga at byggjearbeidet skal ta til neste år. Tidlegare har det vore rekna med at anleggsarbeidet ikkje ville bli før i 2011.

Planen om at tilførslevegen til ferjekaien på Lavik også i framtida skal gå gjennom sentrum, det såkalla «Griserumpe»-alternativet, er sterkt omstridd. Så seint som i dagens utgåve av Bergens Tidende kravde representantar for bygdefolket at saka blir teken opp på ny. Dei ønskjer at vegen heller blir lagt langs stranda, og utanom sentrum.

Også arbeidet med å ruste opp ferjekaien på Anda i Nordfjord skal ta til neste år. Her skal det løyvast 10 millionar til planlegging i 2010.