Det er resultatet av møtet før helga mellom HSD, vegkontoret og Kvinnherad og Stord kommunar.

Den tredje ferja i sambandet skal gå direkte mellom Sunde og det nedlagte ferjeleiet Skjersholmane på Stord i føremiddag— og ettermiddagsrusjet, i tillegg til ei sein kveldsrute.

Tiltaket inneber takstauke. Stord kommune vil i tillegg auka talet på biloppstillingsplassar ved Leirvik ferjekai frå 42 til 65.