• Vi greidde oss sist det var krise, i 2001. Vi skal klare oss denne gongen også, seier felgfabrikkarbeidar Arnt Dønnem.

Det har blitt fredag ettermiddag. Siste skiftet er i ferd med å gå av. Bilfelgfabrikken Fundo Wheels skal ha lang julefri.

Produksjonen av aluminiumfelgar er alt stoppa. Berre nokre få tilsette er att. I dagane fram mot jul skal det drivast litt vedlikehaldsarbeid. Utstyr skal vaskast og fiksast på, slik at alt er klart til felgproduksjonen tek til att. Etter planen onsdag 7. januar.

Les også: Kritisk for Fundo

Finanskrisa har slått inn over Sogn. Konsekvensen er tre veker juleferie og over 100 permitterte. Stilla er i ferd med å ta over fabrikklokala på Dale i Høyanger.

Harde tak

— Om produksjonen av felgen vi har utvikla blir flytta ut av landet, er det ein katastrofe. Alle vil ha hjulet, men vi har ikkje pengar til å få sett det i produksjon. Det er fortvilande, seier Terje Molvik. Han er ein av dei få tilsette som er att på fabrikkområdet, ein av dei som ikkje skal ha lang julefri:

  • Eg kjenner familiar der begge er permitterte. Og når du sit med nytt hus og stort lån. Ja, då er det harde tak, seier han.

«KVALITET ER VÅR FREMTID», står det med store bokstavar på ein plakat som heng ned frå taket. Og nettopp kvaliteten i det nye todelte hjulet, hybridfelgen, er håpet for Fundo. Lettare og sterkare enn vanlege felgar. Meir miljøvennleg og betre betalt.

Fundo har brukt år og titals millionar på å utvikle produktet dei har patent på. Hybridhjulet er nominert til årets ingeniørbragd i landet, ein pris Teknisk Ukeblad deler ut kvart år. Fundo vann publikumsavstemminga, ein fagjury avgjer neste veke om sogningane får prisen.

Hastemøte

På kontoret til administrerande direktør Hroar Holm Carlsen står to variantar av hybriden. Ein med Volvo-merke, den andre med Audis fire ringar. No forhandlar Fundo og ein av dei store europeiske bilprodusentane om ein intensjonsavtale om det todelte hjulet.

  • Føresetnaden er at vi skal kunne produsere kring 500.000 slike hjul innan fem år, seier administrerande direktør Hroar Holm Carlsen. Men til det trengst pengar:
  • Vi snakkar om investeringar for 250 millionar kroner. Men det er investeringar som kan gå over mange år. I første omgang treng vi 25 millionar.

I går måtte han i all hast kalle inn til allmøte etter at Bergens Tidende fortalde at det er sendt ut nye permitteringsvarsel. I tillegg til dei meir enn 40 som var permitterte frå før, er varsel om permittering sendt til ytterlegare nær 60 tilsette.

— Det er stor forståing mellom dei tilsette om at tiltaka vi gjer er nødvendige.

Carlsen orienterte også om neste år. Etter drøftingar med kundane i europeisk bilindustri er planen å produsere 900.000 felgar, 100.000 færre enn i år. Dette skal gjerast med langt færre tilsette. Bemanninga er på eitt år redusert frå 320 til 210 årsverk.

— Vi meiner budsjettet er realistisk, seier Carlsen.

Har trua

Dei tilsette trur på framtida.

  • Tidspunket for å omstille og satse er kjempegodt. Bilindustrien har behov for å få ned utslepp og vekt. Der kjem vi inn med vår felg, meiner hovudtillitsvald Erik Flæthe. Men han legg ikkje skjul på at mange kjenner seg utrygge.

— For dei som har store lån er det som no skjer sjølvsagt frustrerande. Men på same tid opplever vi eit stort samhald, folk stiller opp for bedrifta.

Øystein Torheim