FYLKESKONSERVATOREN prøver det han kan å stoppa prosjektet som etter hans meining vil svekkja det eksisterande bankbygget og bygningsmiljøet på Vangen frå før krigen. Fylkeskommunen meiner kommunen har gjeve byggjeløyve utan å ta omsyn til kulturminneinteressene.

Voss Sparebank i Vangsgata 18 er eit bygg frå 1932, teikna av Erlend Tryti, ein av dei produktive og premierte bergensarkitektane på den tida. Bygget er ein av dei næraste naboane til Vangskyrkja og ein del av eit eldre bygningsmiljø i vestre enden av Voss sentrum. No vil banken utvida, og LOF arkitekter frå Oslo har teikna eit tilbygg i moderne stil på baksida av banken i tillegg til å gjera fleire endringar i hovudfasaden.

«Det nye tilbygget verkar ikkje nyskapande som arkitektur», kommenterer fylkeskonservatoren, som har tilrådd fasadeendringar for å betra situasjonen. Arkitektane har justert, men konservatoren er framleis ikkje nøgd.

SPAREBANKBYGGET er eit viktig historieforteljande bygg på Voss, som kulturminne har det både lokal og regional verdi, skriv fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd i si fråsegn om saka. Han meiner huset burde vore verna og dermed spart for inngrep som dette. Av ein eller annan grunn har ikkje banken fått status som verneverdig i den gjeldande reguleringsplanen.

— Førkrigsarkitekturen på Voss er truga og har eit for svakt vern. Fleire hus har blitt rivne dei siste åra, først Dolvehuset, no sist Enkjeheimen. Heldigvis høyrde Voss kommune på våre råd når det galdt Kyrkjebøkvartalet, der det også var snakk om ei stor påbygging, og endring av bygningsmiljøet ved kyrkja, seier Ekerhovd til Hus og hjem.

BANKSJEF Kjell Jostein Bø i Voss Sparebank vil helst ikkje kommentera byggjesaka. Han fortel at banken inviterte alle arkitektkontora på Voss pluss tre utabygds til konkurranse om påbygget. Tre kontor leverte. Banken vil ikkje be arkitektane om å gjera fleire justeringar på teikningane for å imøtekoma dei som har kritiske innvendingar.

  • Vi har gjort det vi kan for å få eit så godt bygg som mogeleg. No er det opp til kommunen å gje løyve eller ikkje, seier banksjef Bø.

Arkitekt Sverre Olsen i LOF Arkitekter meiner deira bidrag vil fornya banken på ein diskré og elegant måte.

  • Det var umogeleg å sameina banken sitt behov for moderne lokale med fylkeskonservatoren sine ønskjer. Vi forstår at han er lei seg for at banken ikkje er verna, men det toget er gått og vi må ta utgangspunkt i gjeldande reguleringsplan, seier Olsen.
  • Vi har retta oss etter planen som seier at ny arkitektur på Vangen skal spegle samtida og harmonera med omgjevnadene, legg han til.

PÅ GRUNN AV klagen frå Hordaland fylkeskommune må byggjesaka leggjast fram for politikarane på Voss. Formannskapet får saka på bordet i januar.

Torunn Ystaas som eig nabohuset, Vangsgata 16, har også klaga. Ein tidlegare bygning på denne adressa vart riven for å spara sparebanken i 1940 då Vangen brann etter bombeåtak. Størstedelen av gamle Vossevangen vart øydelagd under bombinga.

I 1975 skifta banken ut originalvindaugene i bankbygget med vippevindauge utan sprosser. Bortsett frå i første høgda var kvart vindauge i hovudfasaden opphavleg inndelte i åtte små ruter. Også den gongen vekte banken sine disposisjonar oppsikt. Bergen Arkitektforening ved formannen Hans Jacob Hansteen frårådde utskiftinga på det sterkaste. Også han viste til den verdien dette bygget har som eit av få bygg på Vangen frå før andre verdskrigen. Men banken tok ikkje protestane til følgje. I tillegg til å byta vindauge vart det meste av interiøret endra.

I denne omgangen er banken oppmoda om å rehabilitera husfasaden til original utsjånad. I staden vil arkitektane setja inn nye vindauge med ei vertikal oppdeling. Innvendig skal heile banken byggjast om.

TIL SKADE ELLER GAGN? LOF Arkitekter A/S meiner dei på denne måten vil fornya Voss Sparebank på ein diskré og elegant måte. Fylkeskonservatoren prøver å stoppa byggjesaka. Han meiner dei føreliggjande planane vil svekkja både bankbygget og førkrigsmiljøet på Vangen. På nyåret må politikarane på Voss ta stilling. ILLUSTRASJON: LOF ARKITEKTER A/S
ILLUSTRASJON: LOF ARKITEKTER A/S
Slik ser banken ut i dag.
Sævig Rune
Slik ser banken ut i dag.
Sævig Rune