Det var i vinter at riksadvokaten bad statsadvokaten om å vurdere grunnlaget for ei gjenopptaking. Det skjedde etter at bistandsadvokat for Arves familie, Gunnar Solbraa, meinte at eit nytt vitne som ikkje var innstemna til rettssaka kunne kaste nytt lys over saka.

— For å avgjere dette, treng eg visse informasjonar. Det har eg bede politiet i Sogn om å innhente, seier førstestatsadvokat Jan Hoel.

Nye opplysningar

I fjor vart dei to ungdommane frå Naustdal dømde i Indre Sogn heradsrett til tre og eitt års fengsel for vald, trugsmål og rasistisk trakassering av Arve Beheim Karlsen.

Retten frifann dei for brot på rasismeparagrafen i straffelova, eit tiltalepunkt som var resultat av ei gjenopptatt etterforsking etter påtrykk frå blant andre Arves familie.

Frå starten av var dei to også sikta for forsettleg drap, men påtalemakta meinte at prova ikkje var sterke nok til å ta ut tiltale på dette punktet.

Under den omfattande rettssaka kom det då heller ikkje fram kva som eigentleg skjedde dei fatale sekundane under brua i Sogndal sentrum. Arve vart sist sett i live springande ned under brua med dei to ungdommane etter seg. Den indisk-fødde guten vart seinare funnen drukna ved utløpet av elva.

Ber om konkret etterforsking

Lovkravet for å gjenoppta saka er at påtalemakta kjem over nye «bevis av vekt». Difor har statsadvokaten nyleg sendt politiet i Sogn eit brev med konkrete punkt han ber om å få avklara.

— Vi har nettopp fått dette utspelet frå statsadvokaten, og har starta arbeidet han ber om, seier politiinspektør Ronny Iden.

— Det er snakk om å gjere undersøkingar for å ha eit grunnlag for å kunne vurdere eventuell gjenopptaking.

Iden vil ikkje seie kva den nye etterforskinga konkret vil innebere. Likevel er det nærast utenkjeleg at statsadvokaten kan fatte noko avgjerd utan å ha fått forklaringane frå det vitnet Solbraa viste til i vinter.

— Vi har fått konkrete innspel frå statsadvokaten, og dette er no ei prioritert sak for oss, seier politiinspektøren.

Solbraa fortalde i november til Bergens Tidende at det aktuelle vitnet har sett ein person som likna svært på ein av dei tiltalte. Observasjonen skjedde under bruene i Sogndal dagen etter at Arve vart borte.

Sit enno med spørsmål

Vitnet syntest at den unge mannen oppførte seg merkeleg, og drog seg unna elvebredda då han oppdaga at han vart lagt merke til. Vitnet fortalde dette til politiet på eit tidleg stadium, og meinte at han kunne kjenne att personen på bilete. Men ein slik fotokonfrontasjon vart det aldri noko av.

Som tilhøyrar under rettssaka i mai i fjor syntest vitnet at ein av dei tiltalte likna påfallande på personen han hadde sett under brua.

Solbraa gav også uttrykk for at den tiltalte bør konfronterast på nytt i høve alibiet sitt for den aktuelle dagen.

Etter at advokat Gunnar Solbraa døydde for nokre månader sidan, har hans kollega Jan Tollefsen tatt over oppdraget som bistandsadvokat for familien til Arve Beheim Karlsen.

— Det er klart at dei etterlatne etter Arve sit med fleire viktige spørsmål dei føler ikkje vart avklart i rettssaka, seier Tollefsen. - Det sentrale for dei er sjølvsagt å få vite kva som faktisk skjedde med Arve under brua i Sogndal denne natta.