Over tusen passasjerar fekk i går ein ekstratur langs landevegen mellom Bergen og Haugesund på grunn av tekniske problem med den eine av «Fjord Norway»s fire motorar. I dag skal fartøyet vera i rute att i Danmark etter at ein flyboren, fransk clutch blei sett inn for den defekte i Haugesund i går kveld.

— Det har blitt ein god del ekstra styr for oss, og eg reagerer på måten Fjord Line har handtert saka på, seier Rune Olsen frå Sotra til Bergens Tidende. På veg til bilferie i Danmark saman med fire andre feriemedlemmer var han i går usikker på om dei i det heile ville koma seg av garde frå Haugesund i går kveld.

— Eg prøvde å ringja selskapet tirsdag kveld, men det var ingen på kontoret til å gje svar, seier Olsen. Som karakteriserer det som ein latterleg låg kompensasjon når familien får 620 kroner for sjølv å ta seg ned til Haugesund.

Få klager

Ifølgje Fjord Line er det få klager og kanselleringar som følgje av at MS «Fjord Norway» i går måtte sløyfa turen til Bergen og i staden snu i Haugesund, der cluchreparasjonen blei utført.

— Dagen før reparasjonen ringte vi rundt til alle passasjerar som skulle om bord i Bergen. Vi la til rette for at alle skulle koma seg til Haugesund, og at dei skulle få kompensert ekstrautgiftene med det. Det var også høve til ombooking eller kansellering med pengane tilbakebetalt, seier informasjonsmedarbeidar Hogne Haugsdal i Fjord Line.

— No er båten i tipp topp stand til fellesferien, seier han.

- Båt til stor glede

«Fjord Norway» har vore til stor glede for oss og den vestnorske marknaden. I april, mai og juni har ho i snitt transportert 50 prosent fleire personar enn det MS «Bergen» gjorde, og har med sine fire motorar eit potensiale for langt høgare regularitet enn forgjengaren, seier administrerande direktør i Fjord Norway, Ove J. Solem.

Det er framskaffing av ny clutch som har teke tid. Sjølve utskiftinga tok berre rundt seks timar. «Fjord Norway» har gått med berre tre motorar i over ei veke på grunn av clutch-slitasjen.

Klok av skade har selskapet bestilt ein ekstra clutch til å ha i reserve.

Den tidlegare australske passasjerferja er bygt i 1986 og tek 1500 passasjerar og 600 bilar.

TEKNISK KRØLL:Den nye danskebåten har hatt sine problem etter at den blei sett i drift, men no skal problema vera løyst, lovar rederiet.