Ikkje ein einaste av 4859 søkjarar til vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane har søkt akvakultur. Dermed går det mot nedlegging av oppdrettsutdanninga ved Måløy vidaregåande skule frå neste år.

— Eg kan ikkje sjå anna løysing enn at denne klassen blir lagt på vent, seier inntakssjef Bekka Skaasheim ved opplæringsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det er 12 elevplassar på akvakulturutdanninga i Måløy.

For lite grunnlag

Akvakulturutdanninga ved den vidaregåande skulen i Måløy er ei yrkesutdanning retta mot arbeid innan oppdrettsnæringa. For å komme inn på det vidaregåande kurset i akvakultur, må elevane først gjennom eit grunnkurs i naturbruk. Dette grunnkurset opnar vegen vidare for to vidaregåande kurs, akvakultur og fiske/fangst.

— Vi har sett at søknaden til grunnkurset har gått jamt nedover dei siste åra. Det er dette som no fører til at ingen har søkt. Skulen meiner grunnen er at rekrutteringsgrunnlaget rett og slett er for lite for denne type utdanning, opplyser Skaasheim.

Vekstnæring

— Men fortel ikkje dette noko om korleis ungdom ser på å arbeide innanfor det som er sagt skal bli den store norske vekstnæringa i åra framover?

— Det er klart. Men samstundes betyr ikkje dette at ingen vil utdanne seg i slike fag. Vi ser jo at ein del tek utdanning retta mot desse næringane gjennom høgskulesystemet.

Også innanfor skipsbygging, ei anna næring som sysselset mange i Sogn og Fjordane, er søknaden på veg nedover. Også dette er ein trend som har vart over fleire år.

Andre retningar på den vidaregåande skulen som har nedgang i søkjartala er elektromekaniske fag og landbruk.

Media og estetikk

Årets søknad til vidaregåande opplæring frå hausten viser auke i søknaden til elektrofag, media og kommunikasjon og hotell- og næringsmiddelfag. Også typiske estetiske fag som formgjeving, musikk, dans og drama har auke i søknaden.

Søknaden til grunnkurs innanfor allmenne, økonomiske og administrative fag er stabil.