Slik ordla ordførar Bjørn Christensen seg då Skromlebrua på Vossestrand vart gjenopna i går, 100 år etter ho vart bygd.

Siste vegsjefen i Hordaland, Jann B. Jansen stod for sjølve opninga. Saman med kona Liv kom han i staseleg skyss, i baksetet på Alfred Berge sin 1927-modell Chevrolet Capitol Touring. Eigaren sat sjølv ved rattet og styraren ved Norsk Vegmuseum på Hunderfossen ved Lillehammer, Geir Paulsrud, sat i det andre framsetet.

Vegstellet har tatt vare på eit klenodium. Det særmerkte med brua er at brudekket ligg på pilarar som kviler på bru-kvelven. Brua er bygt av hoggen stein som er lagt i mørtel. Ho er 26 meter lang, der spennet utgjer 20,8 meter. Total breidde er fire meter, med stabbesteinar, og køyrebanen 3,5 meter.

Skromlebrua vart erstatta av ei ny bru så seint som i 1991, og sidan den tid har ikkje E16 vorte utbetra mellom Voss og Vinje.

Vegstellet har sett brua i fin stand, og den inngår i dag i sidevegen til eit par småbruk, deriblant barndomsheimen til KrF-politikar Jon Lilletun. Songlaget Strendingen argumenterte også for gang— og sykkelsti over brua, i ein nylaga «Skromlebrusong» som dei urframførde.

Foreldre og skuleborn nytta høvet til å demonstrera for gang- og sykkelveg langs E16 på Vossestrand.

STASELEG SKYSS: Tidlegare vegsjef Jann B. Jansen og kona Liv kom til Skromlebrua i baksetet på Alfred Berge sin 1927-modell Chevrolet Capitol Touring. Eigaren sjølv køyrde og styrar Geir Paulsrud ved Norsk Vegmuseum sat i det andre framsetet.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH