Den tiltalte skal i følgje Økokrims tidsskrift Miljøkrim ha overlevert kontrollskjema til politiet som inneheldt falske opplysingar. Det gjekk fram av skjemaet at det var gjort inspeksjonar og oppdaga manglar, trass at det ikkje var gjort slik inspeksjon i 1998 og 1999.

Tiltalte fekk utferda tilstandskontrollskjema av rennene og sumpane i kvikksølvkjellaren på Norzink for åra 1997, 1998 og 1999. Han overleverte desse til politiet. Dette skjedde under innleiinga av Hardanger politidistrikt si etterforsking av Norzink sine kvikksølvutslepp. Den tiltalte ønskjer ikkje å uttala seg til Bergens Tidende om saka før det har falle dom.

Slapp ut kvikksølv

Outokumpu Norzink blei ilagt ei bot på fire millionar kroner av Økokrim hausten 2001. Bakgrunnen var at minst 40 kilo kvikksølv rann ut i Sørfjorden frå desember 1999 til mars 2000. Bota var den største som var gitt for brot av ureiningslova. Outokumpu Norzink godtok bota.

Det var i slutten av februar 2000 at det blei funne hol i eit oppsamlingsbasseng ved Norzink. I bassenget var det kvikksølvhaldig prosessvæske som lak ukontrollert ut i Sørfjorden. Lekkasjen vart først oppdaga då Norzink fekk signal om høge verdiar av kvikksølv i sjøen gjennom det statlege overvakingsprogrammet for Sørfjorden

Forgifta fisk

I Eitrheimsvågen vart det målt 1130 nanogram kvikksølv per liter vatn etter utsleppet. 30 nanogram kvikksølv per liter vatn er rekna som svært ureinande. I juli same året kunne det framleis målast utsig av kvikksølv til fjorden.

Utsleppet førte til at Statens næringsmiddeltilsyn rådde folk frå å eta fisk og skaldyr frå Sørfjorden.

Lekkasjen skjedde fordi det oppstod ein brist i epoxybelegget i ei renne i eit av produksjonslokala. Dette førte til at syre— og kvikksølvhaldig væske trengte ned i betongen og etsa hol. Økokrim meinte vedlikehalds- og inspeksjonsarbeidet var slett, og såg tilfellet som grovt fordi utsleppa førte til betydelige miljøskader.