• Norske vogntog er ikkje betre skodd for vinterføre enn dei utanlandske vogntoga.

HILDE KRISTIN STRAND

Det fortel Tom Børslid, fagansvarleg for utekontroll i Statens vegvesen Bergen distrikt.

— Det er ille. Ein klagar over utlendingane som ikkje er rusta for norske forhold, men det viser seg at det er langt fleire nordmenn som ikkje har skikkelege dekk, seier Børslid.

— Det er norske bilar som skaper dei fleste problema for oss, legg han til. Børslid fortel at det i det siste har vore fleire ulukker i bergensområdet der vogntoga ikkje har hatt gode nok dekk.

Hengar med sommardekk

Den siste tida har Statens Vegvesen hatt fleire kontrollar i og rundt Bergen. Dei har avdekka at norske hengarar er spesielt dårleg rusta, og har funne både hengarar med sommardekk og hengarar utan kjetting. Nokre sjåførar har fått kjøreforbod, enkelte er melde og det er skrive ut gebyr til dei som køyrer med nedslitne sommardekk.

— Kva skjer dersom ein har vinterdekk på sjølve bilen og sommardekk på hengaren?

— Då vil hengaren ta over mykje av styringa. Opp gjennom åra har det vore årsaka til fleire ulukker, seier Børslid.

Flest norske involvert

Vegdirektoratet gjennomførte ei undersøking på oppdrag frå Samferdselsdepartementet vinteren 2003. Dei ulike regionane i Statens Vegvesen vart bedne om å kartlegga om dekkutrustinga har tyding for omfanget av ulukker og hendingar. Resultata underbyggjer det Børslid seier. I region vest (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) vart det registrert dekkutrusting på 228 tunge kjøretøy i samband med ulike hendingar. 70 prosent av desse kjøretøya var norske. Konklusjonen når ein ser heile landet under eitt, er at dekkutrustinga på kjøretøy frå austblokklanda har betra seg. Når det gjeld norske sjåførar, har dei generelt noko betre dekkstandard, men dei legg på kjettingar for seint.

Skal ha kjetting

— Mange legg ikkje på kjettingar før dei står fast, seier Børslid.

— Kjetting skal brukast når det er vanskelege snøforhold, isete eller sleipt. Det har med trafikktryggleik å gjera. Verken eg eller du er interesserte i å få eit glidande vogntog mot oss, seier han.

Frå 1. januar vart det innført at alle kjøretøy skal ha kjetting i bilen i heile perioden ein kan kjøra med vinterdekk.

— Mange har kjetting i bilen, men ikkje alle. Me ser at spesielt bilane som er like over 3,5 tonn, ikkje har kjetting med, seier Tom Børslid.