• BLIR SMARTARE: Klubbleiarane Amram Hadida (til v.) og Sigurd Sævareid innser at Kværner Stord kontinuerleg må forbetra arbeidsprosessane for å vera konkurransedyktig med utanlandske verft. Foto: Ove A. Olderkjær

Norske verft tvingast til å jobba smartare

Smartare jobbing er tingen for norske verftsarbeidarar. Alternativet er større asiatisk dominans i leverandørindustrien.

Orden. Logistikk. Kommunikasjon. Standardisering. Sånne ord er det tillitsmennene Amram Hadida og Sigurd Sævareid brukar om jobbkvardagen for operatørane på Kværner Stord.

Smertelege anbodstap har fått norske offshoreverft til å gå i seg sjølve, frå topp til botn, for å oppnå ein meir effektiv og konkurransedyktig produksjon.