Eit søk på fastlegelistene til www.trygdeetaten.no viser iallfall at påfallande mange legar med utanlandske namn har godt med plass på listene sine.

Sjef for forskingsinstituttet til legeforeningen, Olaf Aasland, stadfestar at fastlegeordninga i større grad har ført til ei slags rangering av legane.

Men han synest ikkje at det er så vanskeleg å forstå om folk er litt skeptiske til ukjende, utanlandske legenamn.

— Ein lege er trass alt ein person du skal opne deg fullstendig for. Ofte kan ein ikkje ein gong sjå ut frå listene om legen er mann eller kvinne, seier Aasland.

— Det er ikkje så rart om folk vel ein lege med same kulturelle bakgrunn, men ikkje dermed sagt at det bør vere slik. Mykje kan gjerast.

- Vanskeleg å bli godteken

Å leggje ut meir informasjon enn berre namnet til kvar lege, kan vere eit tiltak, meiner Aasland. Eit anna at utanlandske legar organiserer seg i nettverk for å diskutere erfaringar og legge opp strategiar.

— Kulturell bakgrunn, språk og kjønnsproblematikk er trass alt ofte svært ulik den norske. Gjennom nettverk kunne legane utveksle erfaringar, og hjelpe kvarandre til å forstå meir av den norske kulturen, seier Aasland til BT.

Men folk er i ferd med å oppdage at også utanlandske legar er dyktige, seier leiar for allmennpraktiserende legers forening, Kjell Maartmann-Moe. Mange er rett nok skeptiske til utlendingar, men her skil ikkje fastlegesystemet seg særleg frå samfunnet elles.

— Men det kjem veldig an på kva land legen kjem frå. Di større språkleg og kulturell forskjell, dess vanskelegare kan det vere, seier Maartmann-Moe til BT.

— Med andre ord er det vanskelegare for legar frå ikkje-vestlege land?

— Ja. Det finst mange dyktige, utanlandske legar i Norge, men å etablere seg og bli godteken både som dokter og medmenneske er ei stor utfordring.

- Ikkje alt norsk fantastisk

Maartmann-Moe, som har arbeidd som lege i den multikulturelle bydelen Grünerløkka i Oslo i mange år, registrerer at toleransen for folk frå andre land er blitt større - også for utanlandske legar.

— Det er bra! Eit differensiert legetilbod er eit gode. Ikkje alt norsk er fantastisk, sjølv om Gro Harlem Brundtland meiner det, seier han til BT.

Informasjonsrådgjevar Sissel Mæland ved Fylkestrygdekontoret i Hordaland stadfestar at det er eit gjennomgåande trekk at legar med framandlandske namn oftare har ledig plass på pasientlistene.

Generell skepsis og frykt for språkproblem kan vere nokre av forklaringane, trur Mæland.

— Å gå til lege er ei personleg og ofte intim handling, seier ho til BT.

— Vi veit for eksempel at kvinner helst går til kvinnelege legar. Om fastlegen ein blir tildelt både er mann og utlending, kan avstanden til legen følast stor.

Nei til jobbintervju

Namneforskar Ivar Utne peikar på at skepsis til utanlandske namn også er eit kjent fenomen i arbeidslivet.

— Utanlandske undersøkingar viser at folk i mange tilfelle ikkje blir kalla inn til jobbintervju på grunn av utanlandske namn, seier Utne til BT.

— Dette er eit uttrykk for usikkerheit i forhold til utlendingar. Folk er blant anna redde for at dei ikkje skal forstå kva dei seier. Det kan jo for så vidt også vere eit problem når det gjeld norske dialektar, legg Utne til.