Kokt, steikt, bakt. Norsk laks i alle variantar og med allslags tilbehør kjem til å stå på menyen i Sand Ridge Secure Treatment Center i Mauston, Wisconsin, fram til jul.

Dette er eit kombinert fengsels— og behandlingssenter for seksualforbrytarar med 300 senger. Så langt har nær nitti pasientar sagt ja til å ete laks tre gonger i veke i eit halvt år - i oppdrag for vitskapen.

Forskingsprosjektet er styrt frå Bergen, og målet er å undersøkje korleis næringsstoff frå fisk - særleg Omega-3, vitamin D og selen - påverkar biologiske prosessar i kroppen.

— Vi vil prøve å finne ut om det å ete sunt betrar funksjonsnivået, forklarar forskar Lisbeth Dahl ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES).

Først i Bergen fengsel

Sand Ridge-studien er ei oppfølging av eit liknande forsøk i Bergen fengsel i 2005. Forskarane ville undersøkje om fangar, som åt feit fisk inntil fire gonger i veka, fekk betre impulskontroll. Funna frå denne undersøkinga er ikkje publisert enno.

— I Sand Ridge har vi alt eit etablert forskingssamarbeid med psykologar og psykiatrar, forklarar Dahl

Gjennomsnittspasienten i Sand Ridge er ein kvit, middelaldrande pedofil som aldri har vore gift, og ikkje har utdanning over grunnskulen, skriv Wisconsin State Journal.

— Nokre av dei klarar ikkje å fokusere to timar i strekk, seier direktør Steve Watters til avisa.

Nettopp deltakarane sine evner til konsentrasjon, resonnement og planlegging vil bli målt før og etter studien. Blant anna vil forskarane undersøkje om dei løyser oppgåver på rasjonelle måtar.

600 kilo laks undervegs

Kvart laksemåltid i Sand Ridge kjem til å bli nøye registrert og kontrollert. Den som ikkje får i seg nok fisk i løpet av ein månad, er ute av forsøket. 600 kilo spesialfora laks frå Skretting kjem til å bli fortært på senteret i perioden juni-desember.

— Det er mykje fisk! Derfor vil vi variere med ulikt tilbehør og andre fiskesortar, så det ikkje blir for mykje.

— Får dei ofte fisk i Sand Rigde?

— Ja, men fisken er ofte frityrsteikt. Dermed blir feittinntaket feil, og det blir for mykje ugunstig feitt, seier Dahl.

— Så vinninga går opp i spinninga?

— Nesten. I denne studien får dei ikkje lov til å fritere fisken, slik amerikanarar helst vil.

I utgangspunktet var bergensforskarane interesserte i femti deltakarar i Sand Rigde. Men langt fleire har lyst på fisk til middag.

— Så langt har nær nitti personar meldt seg til å ete norsk laks tre gonger i veka. Det er kjempebra! Vi tar imot så mange som mogleg, seier Dahl.

I studien inngår også ei kontrollgruppe. Desse deltakarane blir ikkje servert norsk laks, men får likevel ein meir tilrettelagt meny enn dei andre i Sand Ridge.

Hva mener du om at seksualforbryterne skal spise norsk laks? Si din mening under!