Jobben som julegran i Edinburgh var i boks, men som så mange andre vart også Paradis-grana arbeidslaus då Fjord Line trekte inn årene tidlegare i haust. Ein skotsk artsfrende vert no klargjort og pynta til den tradisjonelle julefestivitasen i den skotske hovudstaden. Treet er kjøpt og betalt av Hordaland fylkeskommune.

Unngår skandaletre

— Det var leitt at vi måtte ty til ei skotsk gran denne gongen, men vi tok ikkje sjansen på å venta med å senda grana, forklarar fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen.

— Kunne ikkje sjøfartsbyen Bergen hosta opp alternativ transport sjølv om Fjord Line var ute av dansen?

— Det er ikkje fullt så enkelt. Grana er stor og kan ikkje skipast i ein container. Ho må ombord i ein open trailer, og må liggja lukka under overfarten. Får grana sjøvatn på seg døyr ho straks, fortel Nilsen. Sjøsprøyt tok for nokre år sidan knekken på ei gran Trondheim by skulle skjenka Hamburg. Skandalen var eit faktum då treet som skulle skapa tysk julestemning, var grått og daudt ved ankomsten.

Skotsk-norsk venskap

I den skotske hovudstaden har den norske grana vore midtpunkt i julefeiringa i over 20 år. Dei siste åra har rundt 10.000 menneske møtt fram for å vera med når grana vert tend. Avisa Edinburgh News har vigd årets juletrekomplikasjonar stor merksemd, og har eit større intervju med fylkesvaraordføraren i høve saka.

— Julegrana har stor symbolsk verdi for skottane. Vi viser vår takksemd for hjelpa vi fekk under andre verdskrigen, og for den gode kontakten som alltid har vore over Atlanterhavet. Skottane opplever seg som ein liten, sjølvstendig nasjon, og identifiserer seg med vesle Noreg i utkanten av Europa, fortel Nilsen.

Granprotest

Treet som opphavleg var blinka ut til juletre vert ståande i Sandbrekkeveien eitt år til. På den tida rekk storgrana å leggja endå nokre centimeter til den vel 20 meter lange stamma.

Det kan vera verdt å merka seg at det heller ikkje i treverda berre er lengda det kjem an på. Spesialrådgjevar Stein Ottesen fra fylkeskommunen fortel at store granskogar til tross, så er det inga enkel sak å finna det perfekte treet.

— Finn vi eit fint tre i skogen, kan du vera sikker på at det er stygt på baksida, seier Ottesen. Frittståande tre som er like fine heile vegen rundt er tingen. I fjor var det ei gran i Mårdalen i Fana som fylte krava. Men bebuarane i borettslaget ville slett ikkje gje slepp på tuntreet sitt. Protestaksjonen førde fram, og det vart i staden ei gran frå Lysekloster som fekk fara i vesterled.

Nilsen Arne