Denne prisen var den høgaste vi fann fram til i oppslaget om ved i BT 22. oktober, og det var meir enn 50 prosent over snittprisen. Vedprodusent Olav Tverberg i grannekommunen Masfjorden meinte i BT at prisen i Modalen ikkje kunne forsvarast. Alt dagen etter fekk han rett.

— Men no set eg ned prisen til 80 kroner sekken (60 liter). Ved kjøp av eit heilt mål, vert prisen per sekk 75 kroner - altså 3000 kroner for målet. Då køyrer eg veden heim til dei, men eg ber han ikkje inn, seier Leif Tore Ekse.

Saman med nokre andre har Ekse lagt opp eit lager på vel 3000 sekker (75 mål) bjørkeved på Steinsland.

Brenn mykje lenger

— Men så langt har eg berre seld 250 sekker, og det er grunnen til at eg set ned prisen. Tilbodet varer berre ut året, så folk må vera om seg, seier Ekse til Bergens Tidende.

— Men er fjellbjørka frå Modalen verd ein så mykje høgare pris enn bjørk frå andre stader?

— Ja, det meiner eg. Vi har mange faste kundar, og tilbakemeldingane frå dei går ut på at bjørkeveden frå oss brenn opptil 20-30 prosent lenger enn bjørk frå låglandet, for ikkje å snakka om bjørk frå Estland og Latvia.

— Du veit, bjørka i låglandet vert ofte hogga når ho er 20-30 år gammal. Men då har ho vakse fort, og er litt fos. Fjellbjørka øvst i Modalen er ofte både 80 og 90 år gammal. Ho har hatt dårlege vekstvilkår og har vakse seint. Men så er ho og god og tett i veden. Og bjørka er så turr der ho står at du nesten kan ta ho frå rot og leggja ho rett i omnen.

Nett som gran

— Med lang vokstertid må de vel hausta med måte, slik at de ikkje slepp opp for bjørkeskog i Modalen?

— Ja, men eg trur det finst bjørk enno her inne for 10.000 mål ved.

— I bladet Norsk Ved er det vedhandlarar på Austlandet som påstår at bjørka frå dei baltiske landa ofte er betre enn den norske bjørka. Kommentar?

— Det trur eg er feil. Eg har kundar som nettopp er ute etter skikkeleg norsk bjørk fordi dei har sett at bjørka frå Baltikum brenn nett som gran, seier Leif Tore Ekse.