– Vi gjer alt vi kan for å få han sett fri, seier dagleg leiar Stig Ervik i Frøyanes AS til Fjordenes Tidende.

Mannen er mannskap på linebåten «Frøyanes», og vart fengsla 2. mars etter at han var innblanda i ei trafikkulykke i hovudstaden Montevideo.

Nytt rettsmøte

Usemje om erstatning er årsaka til det lange opphaldet i fengsel, skriv Fjordenes Tidende.

Ervik håpar at eit nytt rettsmøte denne veka kan føre til at mannen vert lauslaten.

– Systemet er korrupt og det meste handlar om pengar. Vi har fått signal om at det vert eit rettsmøte i slutten av denne veka, og jobbar intensivt for å finne ei løysing slik at mannen vert sett fri, seier Ervik til Fjordenes Tidende.

— Påkøyrd av drosje

I følgje Stig Ervik vart bilen til den tilsette påkøyrd av ei drosje.

– Eg har prata med han fleire gonger. Han har forklart at han kom litt for langt fram i eit lyskryss, og ei drosje køyrde inn i sida på bilen hans. Først var det snakk om personskade og drosjesjåføren kravde mange tusen dollar i erstatning, seier Ervik.

I etterkant har selskapet fått vite at det berre var materielle skader etter ulykka.

– I samtalen eg har hatt med vår tilsette seier han at han har det bra i fengselet og ikkje har vore utsett for nokon utidige hendingar, seier Ervik til Fjordenes Tidende.

JOBBAR PÅ SPRENG: - Vi gjer alt vi kan for å få han sett fri, seier dagleg leiar i Frøyanes AS, Stig Ervik.
Øystein Torheim