I dag blir det ført i land om lag 500 tusen fat olje pr. døger til Øygarden, medan røyret har kapasitet til å føra i land nærare 800 tusen fat olje i døgeret.

Terminalsjef Gunnar Gundersen seier til Kystradioen at dette kan bli ein realitet i eit par år frå 2008 om Tampen-området blir kopla til Oseberg og Grane.

Tampenområdet har omfattar Statfjord, Gullfaks og Snorre. Tampenområdet må velja mellom tre framtidige alternativ. Det eine er å halda fram med bøyelast som i dag. Det andre er å føra olja i røyr mot Oseberg og dermed til Stura i Øyarden. Eit tredje alternativ er å føra olje i røyr til Troll Olje og vidare til Monstad.