– Dette er ikkje noko kjemperesultat, men vi er rimeleg godt nøgde, seier fungerande banksjef Einar Larsen.

Finanskrisa er lite merkbar i bankrekneskapen, men ein er spent på utviklinga for reiselivet framfor sommarsesongen. Svineinfluensa kan få folk til å halda seg heime, men er ein heldig, kan Noreg bli attraktiv samanlikna med land som måtte bli hardare råka.

Vekselbanken har auka staben med to tilsette, og har planleggingskostnader med ytterlegare ominnreiing i hovudkontoret. Dessutan har banken skrive ned verdien av langsiktige investeringar i obligasjonar.

– Vi snakkar her om obligasjonar til finansiering av mellom anna riggar i oljesektoren. Her har verdien falle, og vi må fylja avskrivingsreglane, seier Larsen.

Han legg til at verdiane kan koma att dersom marknaden i sektoren betrar seg.

Kundane har tappa kontoane sine med to prosent etter nyttår. Det er eit årleg fenomen ved årsskiftet, forsikrar banksjefen. Utlåna har auka med 2,2 prosent i første kvartal, 6,5 prosent dei siste 12 månadene.

– Utlånsauken kjem til trass for dystre spådommar om finanskrisa. Vi merkar lite til krisa i vanleg bankdrift. Banken låner ut pengar, og kundane er kredittverdige. Omfanget av misleghaldne lån er heilt normalt, seier Larsen.

Han registrerer at bedriftene ikkje er så dårleg stilt som ein skulle tru. Aktiviteten er god og permitteringane moderate. Mange i bygda arbeider i offentleg sektor og skjerma næringar. Dei aller fleste har jobb, og inntekta har auka.

– Aktiviteten var låg i desember og første halvdel av januar, men sidan har det normalisert seg, fortel avdelingsleiar Arild Stalheim.

Han meiner det var mykje psykologi i krisestemninga i haust. Alle sa det ville gå gale, og folk innretta seg etter det, men så glei det over.

Høg innkjøpspris på pengar uroar fungerande banksjef når han ser framover. Pengemarknadsrenta må ned, elles er han redd det vil gå ut over kundane i form av lågare innskotsrente og høgare lånerente, relativt sett. Innskot frå kundane utgjer for tida 79,1 prosent av samla utlån i Vekselbanken. Resten må banken låna inn for å låna ut.