E-post-kampanjar, elevstreik, folkemøte, demonstrasjon. Føre heradstyremøtet har det vore hektisk aktivitet i Norheimsund. Før siste ord er sagt, gir ikkje bygdefolk opp håpet om å få behalde ungdomsskulen.

— Norheimsund held pusten, seier ein av dei, Hallvard Totland frå Venstre.

Håpar på miraklet

Sundag kveld møtte fleire hundre personar fram til debattmøte på hotellet.

— Mange håpar nok framleis på eit lite mirakel. Fleire sa frå talarstolen at blir ikkje ungdomsskulen berga, blir det heller ikkje fred og forsoning på lang, lang tid, seier journalist Sigbjørn Linga i Hordaland folkeblad.

Like før midnatt la lokalavisa i Kvam ut spørsmålet «har du tillit til ordførar Astrid Farestveit Selsvold?» på nettet.

Neste morgon hadde tusen personar svart i nettundersøkinga. Om ettermiddagen var talet dobla. Sjølv om ein del truleg har stemt fleire gonger, illustrerer dette likevel det sterke engasjementet.

— Når det gjeld skulesaka, kjem det ofte fleire tusen stemmer. Men vi har sjeldan vore ute for tusen stemmer på éi natt, opplyser Linga.

Engasjerer som Bybanen

Også bt.no har registrert ei interesse heilt utanom det vanlege når saker om skulestriden i Kvam blir lagt ut på nett.

— Engasjementet har vore eksepsjonelt høgt. Vi har teke imot hundrevis av innlegg dei siste dagane, seier Jan Stian Vold, som er utgåvesjef digital i BT.

— Det er berre saker om bybane og samferdslevanskar som har fengt meir på debattnivå den siste tida.

Etter alle solemerke blir det også fullt hus i Kvam rådhus i ettermiddag når heradsstyret endå ein gong skal ombestemme seg for kor mange ungdomsskular Kvam skal ha. Alt tyder på fleirtal for å leggje ned skulane i Ålvik og Norheimsund likevel, og samle elevane i Øystese. Førre veke vart det klart at to Ap-representantar snur og sikrar fleirtal for fellesskulen. Ein av utbrytarane er ordføraren.

— Eg har fått vanvittig mange førespurnader dei siste dagane. Ein del i affekt og med kvass tone, men stort sett har det gått greitt for seg. Det som uroar meg er at skulestriden i Kvam kan skremme andre frå å ta eit oppgjer med sin skulestruktur, seier ordførar Farestveit Selsvold.

Demonstrerer i dag

I går skal kring sytti elevar på Norheimsund ungdomsskule ha droppa mattetimen for å grille ordføraren og gå til streik. Caroline Norheim Johansen i 10. klasse stod i bresjen for aksjonen.

— Det er heilt sløkka av ordføraren å berre skifte meining sånn. Eg vart veldig sint då eg høyrde det. Dei har aldri spurt ungdommane kva vi vil, seier Caroline.

— Vi i Norheimsund har lyst til å ha denne skulen, vi vil ikkje flytte inn til Øystese. Difor sette vi i gang ein streik, seier elevrådsleiar Karianne Djupevåg ved Norheimsund ungdomsskule.

Aksjonen enda med at dei streikande fekk med seg brev heim frå rektor med beskjed om at fråveret blir registrert som skulk. Men dét uroar ikkje Caroline. I ettermiddag varslar elevane demonstrasjon og plakatar på rådhuset.

— Vi er framtida til Kvam og må stå opp for våre meiningar.

Hva synes du om bygdestriden? Si din mening i kommentarfeltet!

STRIDENS KJERNE: Ungdomsskulen i Kvam.
Ørjan Deisz