I dag er det 70 år sidan sjøflyet «Havørn» styrta i Lifjellet i Hyllestad.

— Bestemor mi sat og mjølka rett her borte. Ho høyrde motorduren då flyet kom over Sognesjøen. Brått registrerte ho at motorlyden blei sterkare, dei gav på meir motorkraft. Nokre sekund seinare kom smellet, fortel Oddvar Hatlem.

Halvveges mellom fjordbotnen og foten til steile bergveggen i Lifjellet flatar terrenget ut eit stykke. Her var sommarbeitet for kyrne til bøndene på Risnes. Hit opp gjekk gardkonene og ungdommane for å mjølke, morgon og kveld sommaren gjennom.

Brann i fjellsida

I morgontimane 16. juni 1936 sit fleire lifjordingar og dreg i spenane. Her får dei orkesterplass til det første havariet med eit norsk rutefly. Nokre hundre meter over dei dundrar flyet i fjellet.

— Drønnet var veldig. Gjennom skodda såg bestemor eldglimta. Så tok det til å brenne. Folk fortalde at det brann nedetter heile fjellsida.

— Korleis tolka bygdefolk at flygarane tydelegvis gav full gass rett før styrten?

— Alle snakka om det på same måten, at dei må ha sett fjellveggen komme mot dei. Så har dei gitt full kraft på motorane for å komme over. Dei sekunda må ha vore forferdelege.

Post og passasjer

I mai 1936 starta Det Norske Luftfartsselskap (DNL) sjøflyrute mellom Bergen og Tromsø. Dette var ei kombinert post- og passasjerrute som mellomlanda i ei rekkje kystbyar. Første stopp nordover var Ålesund. Til å trafikkere ruta leigde DNL inn tre fly av typen Junker 52/3 frå det tyske flyselskapet Lufthansa. Eitt av desse bar namnet «Havørn».

Etter sin tids standard hadde Junker stor lasteevne og var rekna som svært solide. I alt blei det bygd 4845 fly av denne typen, meir enn noko anna europeisk transportfly. Flytypen har vore i aktiv teneste heilt opp til våre dagar.

Berre ein månad etter at ruta blei starta opp, skjedde altså havariet som kanskje er det mest omtala i norsk luftfartshistorie. Havørn tok av frå Bergen klokka 06.30. Eit kvarter etter avgang sende telegrafisten melding om at alt var bra. Vêret var bra, men mellom 1000 og 1500 meter låg eit skylag. Men over Sognesjøen ligg skydekket lågare. Truleg har sjøflyet komme ut av kurs i skodda.

Trudde dei var i Solund

Framleis er det eit mysterium kvifor flyet var der det var. Sjøflyruta hadde ulike kursar dei kunne ta mot Ålesund. I klarvêr kunne dei ta ei direkterute over land. Var vêret dårlegare, skulle dei gå lenger vest. Dette fordi dei då lett kunne lande på sjøen.

Denne dagen var vêret slik at dei normalt skulle følgt ei rute 7-8 kilometer vest om ulukkesstaden. Undersøkingskommisjonen lanserte ganske raskt ein teori om at flygarane kan ha trudd dei var lenger vest, over Solund. Dette kunne stemme med høgda flyet hadde.

På veg oppover mot ura under det kvite merket i fjellet tetnar det til rundt oss. Oddvar Hatlem har gått i bresjen for å få rydda stighen opp under fjellet. Målet er å leggje til rette for ein historisk vandretur til havariområdet. Lengst her oppe, der utsynet mot Sognesjøen, øyriket i vest og fastlandet på begge sider av fjorden er storfelt, står mykje arbeid att. Einebuskene breier seg utover den lune og solrike lia. På tiår er vegetasjonen i ferd med å skjule kulturlandskapet dyr og menneske opparbeidde gjennom hundreår.

I ura

Oppe i ura har ikkje vegetasjonen greidd å skjule minna frå havariet som kosta sju menneskeliv. Ein del blei frakta ned med det same, og sendt til Tyskland. Seinare har flyhistorisk museum på Sola hatt ekspedisjonar hit. Likevel er det framleis rikeleg att. Mellom og under kampesteinane har tallause småbitar kila seg fast. Større delar frå motorar, eksospotter, flottørar og flyskrog ligg spreidde over eit stort område.

— Ein del av vrakrestane blei henta ned med det same. Far min fortalde at folk i bygda fekk motorane, som takk for hjelpa med redningsarbeidet, seier Oddvar Hatlem.

— Blei dei brukte?

— Nei, eg trur dei berre blei ståande.

Oddvar Hatlem klatrar frå stein til stein. Han leitar etter ein stor del frå vengen som han oppdaga for fleire år sidan.

— Der stod flynummeret framleis tydeleg. Også ein del av cockpiten låg her då.

Men akkurat desse bitane er ikkje råd å finne. Kanskje har dei hamna på museum på Sola? Dei var her sist for nokre år sidan. Eller kanskje har privatpersonar teke dei med seg som suvenirar?

  • Urene her har namn. Etter havariet blei denne omdøypt. Ho heiter Havørnura, fortel Oddvar Hatlem.