På veg ned trappa heng skilta med kaffikoppen og bestikket. Ei pil viser veg til salongen og kiosken. Men på MF «Fjalir» er dette villeiande reklame. På den meir enn timelange ferjeturen Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella i Ytre Sogn er restauranten lagt ned.

Det næraste du kjem kaffi er skiltet «Friele Kaffe — siden 1799». To Snickers, to Lollipop og tomme kartongar er einaste som er att i isboksen.

- Stusseleg her

— Er det stengt, seier du? Eg sat berre og venta på at dei skulle opne eg, seier Erling Eide frå Lindås. Han jobbar i renovasjonsselskapet, og er på veg til Solund med ny ladning bossekkar. Han hadde planlagt både kaffi og mat på ferjeturen:

— Det er for dårleg at det ikkje skal vere serveringstilbod på ein så lang strekning. Eg hadde handla både ut og inn.

I avisstativet ligg ei brosjyre med teksten «Din eigen tryggleik - For your own safety». Ingen Dagblad, BT, VG eller BA. «Utsolgt? Spør betjeningen». Berre det at det ikkje er noko betjening å spørje.

— Nei, det var stussleg her i dag, konstaterer Eirik Storvestre. Askøyværingen arbeider i stålbransjen og er på verftet i Solund fire-fem gonger i året. Sist han tok turen var det ope. Ikkje at det gjer så mykje for han. Han har rikeleg med arbeid med seg. Og når han kjem fram, står kaffien klar.

— Men eg brukar å kjøpe meg ei avis. Ofte blir det ein kaffikopp også. Men det er vel den nye trenden dette.

Utbyte viktigare enn service

I eit stativ står «Fjord og kyst», informasjonsbladet til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF). Auga fell på ein artikkel av ferjesjef Svein Solheim. Om dei store utfordringane i ferjedrifta:

«Den omlegginga av restaurasjonsdrifta som no skjer på ferjene til Fylkesbaatane, må også sjåast i samanheng med anbodssituasjonen. Vi prøver å leggje opp til rasjonelle driftsmodellar som kan samanliknast med dei som finst i andre ferjeselskap vi må rekne med å konkurrere mot, utan å forringe tilbodet til dei reisande vesentleg».

På «Fjalir» er alt tatt vekk. Det går neppe an å få det meir rasjonelt. Men heller ikkje ringare. Overskot og utbyte er blitt viktigare enn service for eit selskap som skal yte teneste til folket som eig det.

Talet 30 er det einaste som er råd å lese på menyen. Men kva som kosta 30 kroner ein gong i tida, får vi aldri vite. Tavla som fortel om kva Fylkesbaatane freistar med, skal aldri meir brukast.

Kokken rasjonalisert bort

— Det var ikkje alltid det var ope før heller, men då stod det i minste nokre kaffikanner framme som vi kunne forsyne oss av sjølve, fortel Mona Brenning og Olaf Norland. Dei to, far og dotter frå Stavanger, har vore på Strand i Solund og ordna på sommarhuset. Skjønt einige er dei, om at dette er under minstemålet.

Mannskapet, som før fekk måltida laga av kokken om bord, får no maten sin frå eit cateringfirma på Flesland. Halvfabrikata som dei må lage til sjølve. Men kva dei meiner om at lukene til ferjekaféen er stengde, og kokken som laga dei lunsj og varm middag er rasjonalisert bort, får vi aldri vite.

— Nei, då må du ta kontakt med hovudkontoret i Florø, får vi vite frå ein av mannskapet.

Tilsette i det heilt offentleg eigde ferjeselskapet i Sogn og Fjordane i det demokratiske landet Norge får altså ikkje lenger lov å snakke om det som skjer på sin eigen arbeidsplass. Dei kan ikkje prate med sine eigarar, skattebetalarane, om jobben sin.

God start på slanketuren

På eit bord ligg ei reklamebrosjyre: «Kunne du tenke deg å slanke deg 5-12 kilo på 2 uker?». Kanskje er det ein spøkjefugl frå Solund som ville seie sitt om omstruktureringa? Likevel, ferjeturen frå fastlandet til øykommunen er ein god stad å starte slankekur.

Vi er tilbake i Rysjedalsvika. Ein meir enn to timar lang ferjereise tur-retur Solund er over. På disken ved kassen der folk sette kaffikoppane og rundstykka med kvitost frå seg for å betale, står framleis boksen med serviettar. Det har blitt nokre færre. Snart er dei nok vekke dei òg.

RASJONERT BORT: På MF "Fjallir" er alt tatt vekk. Restauranten er lagt ned. Det går neppe an å få det meir rasjonelt. Men heller ikkje ringare... FOTO: ODDLEIV APNESETH