I Førde kostar ein halvliterboks vanleg Hansa eller Ringnes pils 27 kroner.

Det er soleklar norgesrekord, fordi ølkjøparane i handlesenteret Førde får ein kommunal ekstraskatt på ølkjøpet.

På pristoppen

Totalt har 20 norske kommunar ølmonopol. Sjølv om desse ølmonopola jamt over held litt høgare ølprisar enn butikkane, kan ingen av dei tangere prisnivået ved Førde Ølutsal AS.

Ølboksen som kostar 27 kroner i Førde, handlar du lett for 21 kroner hjå Rema 1000 i nabobyen Florø eller i Bergen. Berre på ein enkelt 6-pakning sparer du altså 36 kroner. Sagt på ein annan måte: Du får nesten to ølboksar på kjøpet.

Drar du den korte vegen over grensa frå Førde til Jølstraholmen senter i Jølster, slepp du unna med 22,90 for den vara som kostar 27 kroner i Førde.

Sågar alle ølmonopola i distriktet (Sogndal, Eid og Gloppen) tek omlag to kroner mindre enn Førde for halvliterboksen med Hansa pils.

Eit meir kuriøst eksempel er at ølmonopolet i Øksnes kommune i Vesterålen kan tilby halvliteren Hansa tre kroner billigare enn Førde Ølutsal AS. Og i Vesterålen ligg vanlegaste pilsmerket godt under Hansa i pris.

Øl betaler kultur og næring

Forklaringa på dei skyhøge ølprisane i Førde er enkel. Kommunen har avgjort at ølomsetninga skal foregå i monopol, og kontrollerer sjølv Førde Ølutsal AS gjennom sin aksjemajoritet i eigarselskapet Førde Næringsutvikling AS (FNU).

Deretter har kommunen bestemt at overskotet frå ølsalet skal gå til kommunale oppgåver som lokal kultur og næringsutvikling. Såleis går øloverskotet dels som støtte til frivillige lag og organisasjonar, dels til drifta av kommunens næringsselskap (FNU).

I desse dagar kan organisasjonane søke om ølpengar, og tildelinga er samordna med dei ordinære kulturmidlane frå kommunen. Kulturetaten i kommunen skal fordele ca. 350.000 kroner frå øloverskotet, og i tillegg går ein liknande sum frå ølsalet til drifta av FNU.

På denne måten kan prissetjinga sjåast som ei ekstra kommunal avgift på øl, ei avgift som delfinansierer kommunens drift av kultur og næringsutvikling.

Overraska ordførar

— Eg var slett ikkje klar over at det var så store skilnader mellom ølprisane i Førde og elles i landet. Det er nytt for meg at vi er aller dyrast, seier ordførar Aud Viken i Førde.

Men Viken understrekar at politikarane ikkje legg seg direkte opp i prisnivået ved utsalet.

— Dette overlet vi fullt og heilt til dei som styrer Førde Ølutsal AS, seier ho. - Vi tykkjer det er rett å gje av overskotet til kultur og næringsutvikling, men ideelt bør vi også ha rett pris på ei slik vare.

På heimesidene kallar Førde kommune seg for norgesmeister i handel, og fortel at byen har butikkar for eit handelsområde fem gonger større enn kommunen. Varehandelen i Førde er landets største rekna utfrå innbyggartalet, framgår det.

— Det er rett at Førde er eit handelsenter, men eg trur neppe folk reiser hit for å handle øl. Men eg veit at folk som kjem hit på ferie reagerer på prisane, seier ordføraren.

Førde kommune har hatt ølmonopol dei 20 siste åra.

Styreleiar Arnstein Neset i Førde Ølutsal AS er også styremedlem i FNU, næringsselskapet som får pengar frå ølsalet.

— Vårt mål med Førde Ølutsal er å generere maksimalt overskot, seier Neset til Bergens Tidende.