«Surfing in Waikiki» står det på den fillete, skitne t-skjorta til den unge, solbrente arbeidskaren. Rett nok verkar det uendeleg langt til Hawaii frå bratthenget i Tyssedalsnuten, men i dag kan både utsikt og temperatur konkurrere med Stillehavsøyane. Stupbratte hardangerfjell omkransar oss på alle kantar, og langt der nede, inst inni den grøne fjordarmen, ligg Odda.

Ein svak eim av tjøre ligg over sommardagen her oppe, og ved ventilstasjonen på Lilletopp ligg fleire hundre målingspann hulter til bulter, side om side med svære dieseldunkar i plast.

Spanna er tomme, jobben gjort.

No står det berre att for arbeidslaget å flikke og pusse og pakke og rydde opp etter seg.

Pionerprosjekt

Sidan midten av juni har eit arbeidslag på fem-seks mann frå bergensfirmaet Solid Vedlikehold arbeidd med å restaurere, høgtrykkspyle og tjøremåle den freda røyrgata til Tyssedal Kraftanlegg. Ikkje fordi det skal gå vatn i desse røra igjen, men fordi heile anlegget vart freda av Riksantikvaren i 2000. Norsk Vasskraft og Industristadmuseum har bruksavtale til anlegget, og formidlar kraftsoga til publikum.

No blir industriminnet i fjellsida restaurert for å få fram den gamle prakta igjen. Det kostar eigaren A/S Tyssefaldene mellom fem og seks millionar kroner. Med andre ord er det dyrt å bli freda.

— Vi synest det, ja, seier administrerande direktør Karstein Bremnes til BT.

— Men når det først har skjedd, må vi ta den jobben eit fredingsvedtak inneber. Dette er vårt anlegg og vårt prosjekt.

Røyrgata i Tyssedal vart bygd vinteren 1907-08 som eit pionérprosjekt i Skandinavia. Aldri tidlegare var ei så lang røyrgate blitt bygd i så bratt terreng. Traséen inneheld fem rør i jarn og stål, kvart på 730 meter, og har eit fall på 400 meter. På det aller brattaste heller desse røra 60 grader.

Bygde med berre nevane

Rallarane, som bygde og klinka denne røyrgata med nevane for snart hundre år sidan, arbeidde under svært farlege forhold. Einaste livsforsikring var eit tau som knytte dei saman med arbeidskameratane. Mens karane, som har brukt snaue to sommarmånadar på å restaurere traséen, har hatt ei spesialkonstruert tralle godkjend av Arbeidstilsynet og omfattande sikringstiltak mens dei har målt seg nedover mot fjorden.

— Vi har hatt sol og fint vér. Lange, gode arbeidsdagar, seier svenske Bjørn Dyrby i Solid Vedlikehold, som ikkje gjer større nummer av den spesielle arbeidsplassen i bratthenget.

— Det har vore heilt ok. Litt tungt å jobbe i fjellsida, men det venjer ein seg til. Undervegs har arbeidslaget hatt med folk frå både Sverige, Nordland, Sotra, Bergen og Trøndelag. Langt borte frå familiane sine har dei jobba tolv timar kvar dag, ete saman og budd under same tak.

Men moderne rallarar - nei, det kjenner dei seg ikkje som.

— Nej. Jag är målare, konstaterer Dyrby, som har vore heime to gonger hos kone og barn i Sverige i perioden.

— Men mens vi har arbeidd her i Tyssedal, har vi heile tida diskutert korleis det må ha vore for rallarane, som slo og klinka saman desse røra. Det måste ha varit ett oerhört slit.