KJERSTI MJØR

Ordet «ekstremt prematur» blir brukt om barn som blir fødde før dei er 28 veker gamle, eller som veg under 1000 gram.

For desse aller minste har sjansane for å overleve berre blitt betre og betre dei siste tjue åra. Og ingen andre land har så gode resultat å vise til som Norge, viser eit nytt, stort forskingsprosjekt:

  • 59 prosent av alle altfor tidleg fødde barn i 1999 og 2000 (inklusive dødfødde) overlevde.
  • Drygt 80 prosent av barna som vart fødde levande, kom heim.

— Norge er på topp i verda når det gjeld å redde altfor tidleg fødde barn. Ingen andre land kan rapportere om betre eller like gode resultat, seier overlege dr. med og prosjektleiar Trond Markestad til BT.

Studien er eit samarbeid mellom alle norske føde- og barneavdelingar, Barneklinikken i Bergen og Medisinsk fødselsregister, og er publisert i det internasjonale tidsskriftet Pediatrics.

- Det går bra med dei fleste

Ei veke frå eller til i mors mage kan bety liv eller død, viser studien. Overlevingsraten for barn som er fødde i veke 23 er 16 prosent. Blir barnet født berre ei veke seinare, stig raten til 44 prosent. Med intensivbehandling aukar dessutan sjansane dramatisk (sjå diagram).

Altfor tidleg fødde barn kan særleg vere utsette for hjerneskader, syns- og lungeproblem. Men hos dei fleste barna var det få teikn til alvorlege skader.

— Det ser ut til å gå bra med dei fleste. Sjølv om overlevingsraten er høg, er det ikkje teikn til at fleire får skader, samanlikna med utanlandske studier. Men det store spørsmålet er om ein del av desse barna får lære- og konsentrasjonsvanskar seinare, seier Markestad til BT.

Dét svaret får vi først i 2007. Alle barna i studien blir nemleg følgt opp i 5-6 årsalderen.

- Verdt innsatsen

Ingen barn som vart fødde før veke 23 overlevde, viser studien.

— Er det eit mål å redde liv uansett?

— Nei, i ein del tilfelle har nok valet vore å la dei aller, aller minste få døy utan å gjere forsøk på behandling, eller ved å avslutte livreddande behandling på grunn av store hjerneskader.

— Dette er ei vanskeleg, etisk utfordring. Når er nok nok? Når skal vi avslutte behandlinga? Mitt inntrykk er likevel at norske barnelegar har ei realistisk oppfatning av dette, sjølv om det nok er større vilje til å behandle dei aller minste her enn i mange andre land.

Behandling av ekstremt premature barn er svært kostnads- og ressursskrevande, og krev ofte komplisert intensivbehandling over lang tid.

— Men sjølv om dette er kostbart, blir barnet oftast friskt etterpå. Då er det verdt innsatsen, seier Markestad til BT.

— Dessutan er det mange kvinner som ikkje klarar å bere fram barn til termin. For dei er dette den einaste sjansen dei har til å føde eit barn.

Årsaker til at eit barn kjem altfor tidleg til verda kan vere svangerskapskomplikasjonar eller slapp livmormunn, slik at mors kropp ikkje klarar å halde på fosteret. Men i dei aller fleste tilfella finn ikkje legane forklaringa.