Då produksjonsselskapet Studio Hamburg på synfaring i Kalvåg i førre veke, bestemte dei seg for å investere 35 millionar kroner på å spele inn tre dramafilmar i kystbygda. Det melder Firdaposten.

Serien er kjøpt av— og skal sendast på Tysklands største fjernsynskanal RTL. Om den slår an, kan den bli sett av heile 10 millionar menneske.

— Dette er kjempestort. Det er utruleg god reklame, ikkje berre for Kalvåg, men for heile vestkysten av Noreg, seier Svein Arild Vatsø til bt.no. Han er til vanleg marknadssjef for Knutholmen, men har no fått oppgåva som «location manager».

Kalvåg i Ytre Bremanger kan bli Noregs neste Ylvingen, meiner han.

— Eg trur dette kan målast med effekten Himmelblå hadde på Ylvingen, som blei sett av 1,3 millionar nordmenn. Vi kan regne med at ti millionar vil sjå dette i Tyskland og det vil garantert lokke folk hit, seier han.

Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge As, seier til lokalavisa at dette har kolossal reklameverdi for Kalvåg og Vestlandsfjordane som reisemål. Han trur filmane kan vere med på å skape reiselyst blant yngre tyskarar.

Folketalsauke på 15 prosent

Vatsø ser heller ikkje vekk frå at norsk fjernsyn etter kvart vil kjøpe rettane, slik at også nordmenn kan få glede av filmane.

Den første filmen handler om ein familie som bur i Kalvåg. Når sonen i huset vert alvorleg sjuk og treng transplantasjon, viser det seg at familieforholda ikkje er slik han trudde.

Storleiken på denne filmsatsinga er overveldande for den vesle bygda, der det til vanleg er 350 fastbuande. Når filmteamet på i overkant av 50 personar kjem til bygda, utgjer det ein folketalsauke på om lag 15 prosent.

I tillegg er det venta at utanlandsk presse vil kome for å dekke innspelinga.

Stort apparat

  • Det kjem eit stort sirkus med tyske produksjonsbilar. Dersom dei parkerer bilane inntil kvarandre ville rekkja blitt 300 meter lang, seier Vatsø.

Kjende skodespelarar frå Tyskland vil vere i kystbygda heilt frå byrjinga av mai til 7. juli.

— Folk i bygda gleder seg, og vil gjere det beste for at filmfolka skal ha det bra.

Studio Hamburg hadde på førehand vore på synfaring på heile Vestlandet på jakt etter innspelingsstad. Volda var eit av alternativa.

— Men då dei kom til Kalvåg var alt perfekt og dei bestemte seg for å spele inn alle filmane her, seier Vatsø.

KNUTHOLMEN
DAVID ZADIG