Torsdag 9. februar vedtek kommunestyret i Kvinnherad reguleringsplanen for alternativ S 9, som betyr at Jondalstunnelen munnar ut i lia ved Flatabø. Vegen vidare skjer seg fram gjennom lia rett bak hus, folk og innmark.

Vedtaket vert gjort mot ordførar Bjarne Berge sin vilje. Berge, som representerer Tverrpolitisk samlingsliste, tilbyr 12 kommunale millionar og vonar på eit spleiselag for å fylla gapet på 40 millionar kroner. Men dei store politiske partia går ikkje med på det.

Oppsummert seier leiarane for dei største partigruppene dette til BT:

— Vi meiner at alternativ S 6 (tunnel utanom bygda, red.mrk.) er det beste. Men no gjeld det å få prosjektet gjennomført. Difor går vi for det billegaste alternativet, som fylket står bak, og som har ein godkjent finansieringsplan. Det er for risikabelt å gå for S 6. Det kan føra til store forseinkingar, og kanskje gjera heile Jondalstunnelen usikker.

— Men dersom vi får anbod på tunnelen som ligg langt under summen i finansieringsplanen, kan vi kanskje snu attende til S 6 likevel.

Bak dette står Aksel Kloster, Ap, Knut Prestnes, Sp, Arne Havnerås, H og Ole Torbjørn Holmedal, Frp.

Vonar på Stortinget

— Dette er så dumt at det ikkje kan verta ståande, seier Kai Grieg i Naturvernforbundet Hordaland til Bergens Tidende. 26. januar var han i Rosendal og framførde med engasjement og overtyding solide naturvernargument for å spara landskapet i Nordrepollen. Mellom dei som høyrde på var medlemene i Stortingets transport- og kommunikasjonskomite.

Det gjorde inntrykk, og mange i komiteen gav uttrykk for at dei hadde fått noko å tenkja på.

I vår får Stortinget Jondalstunnelen som sak. Grunnen er bompengedelen av finansieringa, som alltid skal godkjennast av Stortinget. Trasevalet har ikkje Stortinget noko med, fordi det er fylkesveg.

Men både Kai Grieg og ordførar i Kvinnherad, Bjarne Berge, vonar komiteen likevel vil blanda seg borti trasevalet.

Ser verdien

— Byggjer dei veg gjennom Nordrepollen, gjer dei ein skade som aldri kan rettast opp att. Stortinget har vedteke nasjonalpark på andre sida av fjorden her. Vi vonar at Stortinget er villig til å sjå ting i samanheng, seier Bjarne Berge.

Øivind Halleraker, H, som er medlem av transportkomiteen, har inga løysing på floken.

— Men eg har stor sans for argumentet om at landskapet i Nordrepollen har verdi i seg sjølv. Og eg har stor sympati for vegalternativet som går utanom. Som gammal kulturpolitikar ser eg verdien av å ta vare på slike fjordbotnar som Nordrepollen, seier Halleraker. Han meiner dette bør vera ei utfordring for fylket. Jondalstunnelen er fylkesveg. Hordaland fylkeskommune har ansvaret for finansieringa.

— Fylket alt har strekt fellen så langt det let seg gjera, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til Bergens Tidende.

— Dersom kommunestyret i Kvinnherad gjer eit vedtak som er i strid med finansieringsplanen, må eg rapportera til fylkesutvalet at Jondalstunnelen ikkje lenger er finansiert, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen.