• I HINE HÅRDE DAGAR: Ei gammal furu med kross rissa inn i barken, syner kor grensa går mellom to skogteigar på Varaldsøy i Kvinnherad. Andre stader på Vestlandet er det markert krossar på stein eller plassert brent kol under steinheller. FOTO: ROAR CHRISTENSEN

Nordmenn oftast i grensestrid

Landet er fullt av uklare grenseforhold, spesielt i distriktet. Derfor er nordmenn så ofte i krangel og rettssak med naboen om kvar grensa skal gå.