Ved utgangen av 2003 er det ikkje stort meir enn to år att med bompengar på Nordhordlandsbrua. I alle fall om vi tenkjer bompengar for å betala brua.

Egil Nøttveit ved økonomiavdelinga i Hordaland fylkeskommune opplyser til Bergens Tidende at bompengeinnkrevinga truleg vil halda fram nokre veker inn i 2006 likevel. Grunnen er refusjonar på klippekort som ikkje vert brukt opp.

— Vi reknar med at det vil dreia seg om 13-14 millionar kroner. Etter dagens trafikk er det om lag ein og ein halv månad med bompengeinnkrevjing, seier Nøttveit.

Trafikken over Nordhordlandsbrua sluttar ikkje å auka. Veksten har vore litt ujamn sidan opninga hausten 1994, men i 2003 vil gjennomsnittleg døgntrafikk over brua for fyrste gong gå over 9000.

— Om vi held unna desember, som ikkje er over, så har vi til og med november ein gjennomsnittleg døgntrafikk (årsdøgntrafikk, ÅDT) på 9191 køyrety. Det gjev ein auke på 3,1 prosent samanlikna med 2002. Og sjølv om desembertrafikken dreg noko ned, vil gjennomsnittet likevel enda på godt over 9000, seier Nøttveit.

ÅDT for heile 2002 var 8832. Med 6509 som ÅDT for det fyrste heile driftsåret, 1995, vil trafikkveksten nærma seg 50 prosent før bommane vert fjerna.

Døgnrekorden for brua vart sett 6. juni 2003 med 13.728 betalande køyrety.

Også Askøybrua går så det susar, og trafikken der aukar fortare enn på Nordhordlandsbrua.

— Til og med november var auken på 7,25 prosent i høve til 2002. ÅDT er no oppe i over 8600 køyrety, seier dagleg leiar Kjell Ove Helland i Askøybrua AS til BT.

Han opplyser at på dei 11 fyrste månadene hadde 2.825.254 køyrety passert over brua. Det vil seia at når talet for desember ligg føre, vil Askøybrua for fyrste gong ha frakta over 3 millionar bilar på eitt år,