Dette melder Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding.

I alt har vel 2,6 millionar køyretøy passert Nordhordlandsbrua i dei første ni månadene i år. Det er ein auke på 3,5 prosent i høve til same periode i fjor.

Det er for tida to lån knytta til Nordhordlandsbrua på i alt 170 millionar kroner. Etter planen skal bompengeinnkrevjinga bli avslutta ein gong tidleg i 2006, går det fram av pressemeldinga frå fylkeskommunen.