Det er rådgjevar Egil Nottveit i Hordaland fylkeskommune som seier dette til bt.no.

Februartala for Nordhordlandsbrua ligg no føre, og auken dei to fyrste månadene i år er på 6,4 prosent.

Men nye vegprosjekt står i kø både nord for og sør for flytebrua. Og ein ny periode med bompengar er ikkje til å koma utanom. Måndag 28. februar var samferdselspakken for Nordhordland tema i Regionrådet for Nordhordland.

Styret i regionrådet har gått inn for nye bompengar alt frå 2007. Dette vart for dryg kost for representantskapet, som vedtok å la strilar og byfolk nyta fridomen på brua i tre år, til 2009, før ny bommar vert sette opp.

Ikkje nemnd

Ny bompengeinnkrevjing har vore kopla til anleggsstart på Nyborgtunnelen frå Nordhordlandsbrua til Nyborg i Åsane. Vedtaket måndag går ut på at bompengar skal krevjast inn frå 2009 sjølv om arbeidet med Nyborgtunnelen ikkje er kome i gang til den tid.

Nyborgtunnelen, til ca. 1 milliard kroner, er ikkje eingong nemnd i Nasjonal Transportplan 2006-2015.

I Nordhordland er det og mange, og særleg Framstegspartiet, som ønskjer at den nye bompengeordninga vert organisert slik at dei som vil kan køyra gratis. Det vil seia at bomstasjonen vert montert på land på Bergens-sida.

Ifylgje avisa Nordhordland er Per Steffen Myhren frå Statens Vegvesen sterkt tvilande til om det let seg gjera. Myhren opplyser elles at bompengesatsane i det nye regimet vil liggja på rundt rekna 11 kroner, medrekna rabattar, mot 27 kroner i dag med full rabatt.

1,8 milliardar kroner

Samferdselspakken for Nordhordland har ei samla kostnadsramme på 1,8 milliardar kroner. På nordsida av Nordhordlandsbrua inneheld pakken omlegging av vegen gjennom Knarvik, strekninga Åse-Herland på Rv. 57, Tolleshaug-Soltveit på Radøy og ymse utbetringar omkring i kommunane.

På sørsida inneheld samferdselspakken Nyborgtunnelen og Eikåstunnelen. Men regionrådet vil ha Eikåstunnelen ut av pakken, m.a. med den grunngjeving at bygging av Eikåstunnelen kan føra til utsetjing av Nyborgtunnelen.

Spørsmål om Eikåstunnelen

Arne Jakobsen, samferdslepolitisk talsmann for Ap i Bergen bystyre, meiner at Bergen kommune må trykkja hardare på for få pengar til Eikåstunnelen gjennom Nasjonal Transportplan så snart det let seg gjera.

— Det verkar som om Eikåstunnelen ikkje vert særleg høgt prioritert i samferdselspakken for Nordhordland. Og i vegsjefen sitt forslag til handlingsprogram ligg Eikåstunnelen inne først i 2009, og det er altfor lenge til, seier Jakobsen, som minner om at bystyret i juni 2004 kravde start på Eikåstunnelen i 2006.

— Dette må Bergen kommune stå hardt på, seier Jakobsen, som har meldt eit spørsmål til byrådsleiar Monica Mæland om dette.

<b>SNART NEDBETALT: </b> Nordhordlandsbrua vart opna for trafikk i oktober 1994. Brua kom på litt under ein milliard kroner. Trafikantane betalar 95 prosent av dette på litt over 11 år.
Arkiv