JOHN LINDEBOTTEN

Det er Hordaland fylkesutval som har vedteke dette.

I dei ti åra som er gått sidan Kong Harald V opna brua har det passert vel 28,5 millionar køyretøy over Nordhordlandsbrua. Fram til utgangen av august 2004 var det teke inn 1 078,8 mill. kr i bompengar sidan brua opna.

Av bompengeinntektene har 390 mill. kr gått til renter på låna, 630 mill. kr til betaling av lån og 50 mill. kr til innkrevingskostnader. Restgjelda på brua er no 170 mill. kr. Det vert no rekna med at brua vil vera nedbetalt tidleg i 2006.

TI ÅR: Frå opninga av Nordhordlandsbrua 22. september 1994.
JAN M. LILLEBØ