— Administrasjonen og styre har eit stort stykke arbeid føre seg om dei skal kunne byggje opp att tilliten som er nødvendig for å leie Helse Førde mot eit framleis godt helsetilbod for alle i fylke, heiter det i eit brev doktorane har sendt til Helse Vest. 31 kommunelegar har skrive under brevet.

Styret i Helse Førde har avgjort at ortopedisk akuttbehandling skal skje ved Førde sentralsjukehus. Sjølv om sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal har ortopedar som kan utføre inngrep, skal pasientane sendast til Førde når det er behov for team som opererer.

Vedtaket har skapt sterke reaksjonar i Nordfjord, og i lokalmedia har det vore framme fleire konkrete saker der pasientar har blitt sende forbi Nordfjordsjukehuset til behandling i Førde.

Helse Førde har no delvis gått tilbake på vedtaket. Likevel meiner Nordfjordlegane at helseføretaket har gjort seg skuld i grunnleggjande svikt overfor pasientane.

Legane er også sterkt kritiske til styremedlem Harry Mowatt. Den tidlegare Ap-ordføraren i Hyllestad tok over Kjell Opseths plass i styret for Helse Førde, og har markert seg med fleire kontroversielle utspel.

— Styremedlem Mowatt har offentleg uttalt at vi som gruppe har handla utifrå eit ønskje om å skade Førde sentralsjukehus, med å tilvise pasientar med akutte behandlingsbehov til Volda sjukehus. I desse tilfella har omsynet til pasientens beste vore vårt fokus, ingenting anna. Mowatt har med ei slik uttale utsletta eit kvart grunnlag for vidare tillit til han som styremedlem, og delstyrande i forhold til framtidas helsetilbod i heile Sogn og Fjordane. Ein slik handlemåte må etter vårt syn få konsekvensar, skriv kommunelegane.

Både sjukehusaksjonistar og lokalpolitikarar frå Nordfjord har siste tida krav at Mowatt må gå frå styret, noko han sjølv har avvist konsekvent.

OMSTRIDT: Tidlegare Ap-ordførar Harry Mowatt. ARKIVFOTO: PER MARIFJÆREN