For eit knapt år sidan slapp 56-åringen ut av fengsel. I 2006 blei mannen dømd for bilsvindel og dokumentfalsk.

No må han møte i retten på ny. Også denne gongen står bilsvindel sentralt. Politiet meiner han har kjøpt ei rekkje bruktbilar i Tyskland. Desse betalte han kontant. Då han skulle ta bilane inn til Norge laga han falske kjøpekontraktar som viste at bilane kosta mindre og hadde gått lenger enn det som var reelt. Dermed slapp han unna med mindre avgifter i tollen.

Sende ikkje sjølvmelding

56-åringen har drive aktiviteten over ein periode frå 2004 til og med 2007. I alt meiner politiet å kunne føre bevis for at det er lurt unna avgifter for kring 200.000 kroner på 22 tyske bruktbilar som er ført inn i landet for vidaresal.

Les også:

— Jeg har ikke gjort noe galt

Men det som verkeleg gjev utslag i kroner og øre i tiltalen er at mannen let vere å sende sjølvmelding og næringsoppgåve til likningskontora. I følgje tiltalen skal han på denne måten ha unndrege seg skatt av ei inntekt på 3,46 millionar kroner for inntektsåra 2004, 2005 og 2006.

Politiet knyter han også til selskapet The Nova Group Ltd. Dette er eit såkalla Norsk Utanlandsk Føretak (NUF) med utanlandsk morselskap. Selskapet dreiv med utleige av polske arbeidarar, men gjekk konkurs i fjor haust. Korkje politi, bustyrar eller skatteetaten har greidd å finne morselskapet. Ifølgje tiltalen skal det ha blitt unndrege meirverdiavgift for 637.000 kroner gjennom at selskapet aldri blei registrert. Det er heller ikkje betalt arbeidsgjevaravgift frå selskapet, sjølv om det er gjort lønsutbetalingar for over 2,1 millionar kroner.

Ransaka

Det var i juli fjor politiet aksjonerte og ransaka både heime og på kontoret hos tiltalte. Aksjonen kom i stand etter tips frå fylkesskattekontoret.

— Vi tok beslag i store mengder dokument. Vi meiner desse provar den økonomiske kriminaliteten som har skjedd. Saka har vore svært omfattande å etterforske, seier politiadvokat Terje Gjertsen.

Rettssaka tek til i Fjordane tingrett 12. juni. Der vil 56-åringen bli presentert for ei rekkje andre tiltalepunkt. For i tillegg til brot på ulike paragrafar i rekneskapslova, bokføringslova, meirverdiavgiftslova og likningslova er han også sett under tiltale for fleire tilfelle av brot på straffelova. Mellom anna meiner politiet han har laga falske stempel og segl og forfalska fleire dokument.

Falskt brev i retten

Påtalemakta karakteriserer det som svært grovt at han i samband med straffesaka i 2006 presenterte eit forfalska brev for Fjordane tingrett. På veg heim til Norge hadde han blitt stoppa på grensa med flyttelasset. Her blei det funne ei væske med falske vognkort og stempel. Funnet var heilt avgjerande for at mannen blei dømd. Under hovudforhandlingane la tiltalte fram eit dokument han meinte skulle bevise at det hadde blitt planta kolli på flyttelasset.