Dei fleste brukte fredagskvelden til å forvissa seg om at diktar Behn fekk prinsessa si i Trondheim. Men karane og damene i leiinga for Voss Sparebank hadde anna å gjera. Dei samla seg i banken etter stengetid for å sjå biletet av pensjonert banksjef Asvard Skipenes få sin plass på veggen saman med dugelege bankvossingar før han.

I 1944 bad Harald Sæverud den pur unge målaren Bjørn Tvedt om å koma heim til seg for å laga bilete av dei tre sønene sine. Bjørn Tvedt hadde berre talentet å visa til, for han kom ikkje inn på Kunstakademiet før året etter, til gjengjeld debuterte han samstundes på Høstutstillingen og på utstilling i Bergens Kunstforening.

Portrett i 60 år

No har Bjørn Tvedt runda 80 år, det gjorde han i fjor haust, og han seier sjølv at han malar vidare, om enn i moderat tempo. Då han runda den store dagen, stilte han ut nokre av dei 400 — 500 portretta han har laga sidan debuten. Han har ikkje gjort det lett for seg sjølv, for mellom portretta er det også bilete av så vanskeleg-malte folk som Arild Haaland, Karsten Andersen, Knut Fægri - og sjølvsagt Harald Sæverud.

Denne gongen er det altså nordfjordingen som vart vossing Bjørn Tvedt har teke seg av, og både han sjølv, modellen og vossingane syntest det var gilde saker som kom på veggen.

Då Asvard Skipenes gav seg som forvaltar av pengesekken på Voss, hadde han vorte nesten makelaus, for han hadde 25 års teneste bak seg - og det i tider då banksjefar flest er lykkelege om dei får like mange månader i sjefsstolen før dei vert sende ut av vindauget med ein passande fallskjerm til å bremsa fallet.

Storm på Vangsvatnet

Men det var, som han sa då han fylte 60 år: Vi høyrde og kjende stormane, og i slike tider er det nyttig å vera konservativ og ikkje altfor stor. Råkøyret bankane i mellom kan ein halda seg unna, og ikkje kasta seg ut på altfor djupt vatn, syntest han, og vossingane var samde med han i det.

Dermed styrde dei sparebanken trygt gjennom uveret, i tråd med det sambygdingen Per Sivle formana til, om å halda seg til lands når bølgjene på Vangsvatnet går som «smalavembu».

Likevel er det ikkje alltid nok å bremsa når det går for fort, ein må masa litt når det går for seint også. Skipenes likte seg lite når han streva og puffa på som best han kunne, utan at det lea seg i kommunestyresalen - anten det var kongresshall, nytt bankbygg eller for den del snøkanon i Bavallen det handla om. Det er ikkje slikt ein tiltøken nordfjording trivst med!

Banksjef hev vore Asvard Skipenes er barnefødd på Nordfjordeid. På dei traktar var dei kjende for ekspressgymnaset, der folk skaffa seg både realskuleeksamen og artium fortare enn byungane greidde å pakka ut leksebøkene sine. I 1960 hadde han gjort seg ferdig som siviløkonom frå Norges Handelshøyskole i Bergen, og så drog han rett til Utne der han i fem år var sjef i Kinsarvik Sparebank (avdelinga i Utne), før han gjorde sunnfjording av seg, i Bergens Privatbank i Førde.

På veggen - og i Vangsgata

I Utnetida var han ofte innom Voss som snarast, på veg til jobben. Han trudde ikkje at det skulle verta til meir enn ein kaffikopp på Indremisjonskafeen, men i 1973 trong dei ein ung og frisk kar til å styra pengane i Sparebanken. Så vart det Voss, og der vart han verande.

No er han altså komen på veggen i den gamle banken, som er som han var, utan nymotens påklistra ekstranamn frå ein eller annan av dei svære bankane som kjem og går og skifter namn ein gong i året. Dei treng ikkje ein gong setja namneskilt på biletet, for alle i banken kjenner gamlesjefen, og innskytarar og låntakarar kan berre ta seg ein tur ut i Vangsgata, så møter dei originalen!

TIDLEGARE BANKSJEF i Voss Sparebank Asvard Skipenes og kunstnaren sjølv, Bjørn Tvedt.
FOTO: OLAUG M .LID, HORDALAND