Mannen var sjåfør i vogntoget som under ein rutinekontroll i Oslo sist fredag blei stoppa med totalt 130.000 narkotiske pillar og fire kilo kokain.

Assisterande narkotikasjef Anne-Karin Hannevold ved Oslo politidistrikt seier til NRK Sogn og Fjordane at nordfjord-mannen har ein sentral rolle i beslaget.

Ifølgje politiet blei 30.000 tablettar av festdopet ecstasy, fire kilo kokain og 100.000 piller med det roande narkotiske stoffet rohypnol funne i traileren til nordfjordingen. Verdien av beslaget er 12,5 millionar kroner.

Saman med to andre er nordfjordingen varetektsfengsla i fire veker med brev og besøksforbund. Hannevold vil ikkje stadfeste om traileren tilhøyrer eit selskap i Sogn og Fjordane, men seier at mannen som er heimehøyrande i Nordfjord er yrkessjåfør og at vogntoget tilhøyrer eit norsk selskap.