Det var Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre som utgjorde fleirtalet i samferdsleutvalet. Dei vil starte prosjektet i Indre Nordfjord først. Arbeidarpartiet vil starte i Dalsfjorden.

Gårsdagens tilråding fører til at det nok ein gong brenn eit blått lys for vegen og brua som skal gje ferjefritt samband mellom kommunane Fjaler og Askvoll.

For vedtaket inneber i praksis at Stortinget må endre reglane for ferjeavløysingsmidlar. Dette går ut på at dersom ein ny veg gjer at eit ferjesamband kan leggjast ned, vil sparte ferjesubsidiar kunne brukast til vegsambandet. Dersom ferjesambanda Dale-Eikenes i Dalsfjorden og Kjelkenes-Smørhamn i Bremanger blir lagt ned, vil det kunne utgjere kring 270 millionar ferjeavløysingskroner.

Problemet er at fylkeskommunen må forskottere midlane, og det har Sogn og Fjordane ikkje råd til. Samferdslepolitikarane set no sin lit til at Stortinget endrar reglane. Gjer dei det, kan det bli byggjestart på Dalsfjordsambandet i 2014.

Dalsfjordsambandet blei sett i gang på 1970-talet. Men etter at det var brukt kring 70 millionar kroner på vegen langs nordsida av Dalsfjorden og fram til brufestet rett overfor Dale i Sunnfjord, blei det gitt stoppordre. Sidan har vegen blitt omtala både som landets dyraste geitesti og Dalsfjordskandalen.

Gårsdagen var den store vegdagen i fylkespolitikken i Sogn og Fjordane. Hovudutval for samferdsle handsama Nasjonal Transportplan, og ei rekkje delegasjonar hadde lagt turen til Hermansverk for å målbere rettkomne vegkrav. I tillegg til nordfjordingar som ba for Olden-Innvik i Stryn, Kvisvegen og rassikring over Strynefjellet og kommunane som vil ha Dalsfjord-sambandet, var også ein fyldig delegasjon frå Vik kommune møtt fram.

Vik vil ha heilsårsveg over Vikafjellet mot Voss, og vil ha fylkeskommunen med på eit spleiselag for å byggje ein ny tunnel på fjellovergangen. Dersom vikjene ikkje får fylkespolitikarane med på dette, trugar dei no sågar med å melde overgang til Hordaland.

Svaret frå samferdslepolitikarane i går var ja. Problemet er at dei ikkje har pengar til Vikafjellsvegen, og difor ikkje veit korleis dei skal få det til.

Fullføring av Bremangersambandet har førsteprioritet i Nasjonal Transportplan for Sogn og Fjordane. Om dette prosjektet står det ikkje strid.

Når det gjeld rassikring prioriterer utvalet Strynefjellet og riksveg 5 i Kjøsnesfjorden.