Det er ei arbeidsgruppe i Avinor som har kome med krav til banelengde som det ikkje er råd å oppfylle på Anda.

— Framtida for Sandane Lufthamn ser mørk ut. Det er ein tung dag for Nordfjord og for dei 25 tilsette på flyplassen, seier flyplassjef Rasmus Mo til NRK Sogn og Fjordane.

Han hadde ikkje venta at tala som har kome fram skulle bli så negative for Sandane Lufthamn.

Ordførar Anders Ryssdal i Gloppen har alt kontakta departementet. Han meiner det er sprøtt at ein flyplass som har vore brukt i 30 år med eit pennestrøk ikkje lenger er god nok.