I alt åtte andre blei skadde i ulukka. Seks av desse sat i campingbilen. Situasjonen skal vere kritisk for tre av dei andre som var i campingbilen. Mellom dei kritisk skadde er mor til den omkomne 12-åringen.

Kollisjonen skjedde på E6 i Stange kommune i ni-tida i føremiddag. Operasjonsleiar Egil Solberg ved Hedmark politidistrikt seier til bt.no at campingbilen kom over i feil køyrebane og frontkolliderte med ein tankbil.

Også ein tredje bil var involvert i ulukka.

Alle dei skadde er sende til sjukehus i Elverum og på Hamar.