Det fortel Torgils Våge, mangeårig medlem i Varaldsøy Bygdelag.

Det er altså eit dugeleg digert tre me snakkar om. Nord-Europas største barlind. Og dét gjer treet til den største turistattraksjonen Varaldsøy har å by på, ifølgje Våge.

— Treslaget er ikkje uvanleg, men det er sjeldan dei blir så store. Barlinda har ein omkrins på meir enn fem meter, og den er 11,4 meter høg, fortel Våge.

Eldgammalt

Også alderen på treet må seiast å vera spektakulær:

— Det er meir enn 2000 år gammalt. Frå før Kristi fødsel, opplyser Våge.

Tidlegare blei greinene på barlindtre, som er svært bøyelege, brukt til bogar, armbrøst og ulike reiskap. Underborken blei brukt til tauverk. Noko slikt er ikkje aktuelt for barlinda på Varaldsøy. For den er freda. Men kven er det som kjem og ser på treet?

- Ikkje forandra seg mykje

— Det er ofte folk frå universitetet. Og ein god del sommargjester. Det er utflytta varaldsøyingar som er tilbake på sommarbesøk, mykje av dei, og så er det ein del turistar, seier Våge.

- Når var siste gongen du sjølv titta på treet?

— Det er nok ein fem-seks år sidan. Det hadde ikkje forandra seg så mykje, humrar Våge.

Gruver og badestrand

Gammalt og stort, ja vel, men det er trass i alt berre eit tre, tenkjer du kanskje. Varaldsøy må vel ha meir å by på for tilreisande? Noko finst det, sjølv om øya enno ikkje er vorte noko turistmekka.

— Men me har for eksempel dei gamle svovelkisgruvene. Dei var i drift frå slutten av 1800-talet og fram til 1960-talet. Gruvene er eit flott syn. Og så har me den finaste badestranda i mils omkrins. Den ligg i Fergevågen, omtrent ein kilometer frå kaia. Stranda er veldig populær både blant fastbuande, båtfolk og andre turistar, seier Torgils Våge.

KNUT LANGELAND
Knut Langeland
HÅVARD PRESTEGÅRDEN
HÅVARD PRESTEGÅRDEN