Operagarden i Sunnfjord er prisnominert i kategorien for kulturbasert næringsutvikling. Åmot gard har fire andre konkurrentar i finalen. Mellom dei er ein annan næringsaktør som også har satsa på opera, Vikaneset Havhotell og Kristiansund Opera.

Åmot gard i Bygstad starta med gardsturisme og kulturaktivitetar i 2004. Kvar sommar blir det arrangert operaweekend på garden.

Mest merksemd blei det rundt Åmot gard då dei tidleg i sommar fekk verdsstjerna Kiri Te Kanawa til gards for å halde to konsertar.

Det er Forum for Kultur og Næringsliv som i samarbeid med Innovasjon Norge deler ut prisen for beste samarbeid mellom kultur og næringsliv. Prisutdelinga skjer 25. august i Oslo.