Då Wario kom til Stord i oktober 2010, fekk lærarane vita at 14-åringen hadde gått to år på skule og at han kunne vera analfabet. Denne veka gjekk han ut av Stord ungdomsskule som ein av dei beste. Med sju 6'arar, fire 5'arar, ein 4'arar og to 3'arar på vitnemålet. I tillegg fekk han 5 og 6 på eksamen i høvesvis matte og engelsk.

— For halvtanna år sidan kunne han ikkje eitt ord norsk. No har han til og med fått seks i norsk munnleg, seier lærar Britt Kristin Ladehaug. Ho har samla heile klasse 10c til avskjedsfest, og held tale der ho nemner kvar einskild av dei 29 elevane.

— Wario, du er jo berre heilt Super Mario! seier ho om guten som kom frå nomadeliv i Afrika til flyktningmottaket på Heiane på Stord for 20 månader sidan.

Flykta frå stammekrig

Wario høyrer til Oromo-folket og kjem frå ein liten landsby utanfor storbyen Moyale i Sør-Etiopia. Familien levde som nomadar ved at faren passa på dyra og flytta rundt saman med dei. Han var heime med mor i huset.

Der fanst ingen permanent skule, men ein skule som flytta frå stad til stad. Ein eldre mann lærte Wario å lesa, skriva, rekna, snakka engelsk og litt fransk.

— Eg har lært alt eg kan av Mohammad. Han var ein god lærar, seier Wario.

Mor Isene fortel at guten alltid har hugsa godt.

— Eg fortalde lange historier. Neste dag kunne han gjenfortelja dei ord for ord, seier mora.

Stammekrig og ufred, kriminalitet og undertrykking førte Wario, mor og søster til Noreg.

Wario trudde at alle snakka engelsk i Noreg. Sjokket var difor stort då han kom og såg eit butikkskilt med norske ord.

— Det stod «Elkjøp - Det er dumt å betale for mye». Først då forstod eg at eg måtte læra meg eit heilt nytt språk, seier 16-åringen.

Konkurrentar og vener

Det tok ikkje lang tid før guten fekk gode vener i klassen ved Stord ungdomsskule, spelte på det lokale fotballaget og plukka opp dei første norske orda.

— Det gjekk så fort! Det er nesten litt flaut. Me har levd 14 år lenger enn han i dette landet og han får seks i norsk munnleg! seier klassevenninna Karianne.

Det er nesten litt flaut. Me har levd 14 år lenger enn han i dette landet og han får seks i norsk munnleg! Klassevenninna Karianne

— Eg fekk ein kjempegod ven i Georg. Han var midtpunktet i norskopplæringa mi. Me er mykje saman, og han rettar på meg både i skriftleg og munnleg, seier Wario om klassekameraten Georg Sæbø Skjetne.

Saman har nomaden frå Afrika konkurrert mot lysluggen frå Stord både på fotballbana og i skulefaga.

— Wario jobbar hardt og har hatt ei enorm utvikling. Mange innvandringselevar er lenge i landet utan å læra språket så godt, seier Georg (15).

- Tilpassa på rekordtid

Lærarane Britt Kristin Ladehaug og Ellen Salomonsen er imponerte over korleis klassen har inkludert Wario og ikkje minst over vitnemålet hans som blei utdelt onsdag denne veka. Rektor John Karsten Raunholm har ikkje opplevd liknande.

— Det å koma som framandspråkleg, læra norsk og ta til seg kompetanse i alle teorifag på så kort tid, er heilt utruleg. Han har ein eigen evne til å reflektera og sjå ting i samanheng og har tilpassa seg på rekordtid, seier Raunholm.

Wario sjølv har oppskrifta.

— Det handler om å vera med vener på skulen og i fritida, spela fotball og sjå norsk TV, seier han på klingande stordamål.

Framtida våger han ikkje seie så mykje om. Håpet er å få byrja på vidaregåande skule til hausten, men enno har ikkje familien fått svar på asylsøknaden.

- Kva drøymer du om å bli, Wario?

— Lege eller kanskje arkitekt. Eg kan berre håpa.

GODT INTEGRERT: - Lærarane har gjort det lett for meg. Då eg var ny i klassen, omsetje dei alt til engelsk, og alle i klassen var med på at dei brukte tid på det. Ingen klaga, seier Wario. Her er han flankert frå venstre av Veslemøy Flotve, Karianne Sunde, Jakob Karlsen, Jakob Iversen, bestekamerat Georg Sæbø Skjetne og Tor Henrik Birkeland.
FRED IVAR KLEMETSEN