Hordaland Framstegspartis fremste stortingsrepresentant hadde saman med resten av leiinga i fylkespartiet, Jan Koløy og Jakob, Bahus førebudd to EU-resolusjonar til årsmøtet. Men åtvarslane vart for sterke i møtelyden. I staden vart resolusjonsforslaga oversendt til partiet sitt Europautval utan realitetshandsaming. Sortevik som også var leiar i redaksjonskomiteen, ønskte at fylkespartiet skulle be stortingsgruppa om å foreslå folkerøysting om norsk EU medlemskap alt neste år. Dessutan foreslo fylkesleiinga også at partiet skulle ta stilling til EU-spørsmålet på landsmøtet om eit år. Men dei tillitsvalde skulle likevel bli stilt fritt i Europa-spørsmålet etter landsmøtehandsaminga.

Må ikkje nøla

— Eg synest det er viktig at Framstegspartiet ikkje får eit nølar-stempel på seg i denne saka, seier Sortevik til BT. Han seier sjøl at han er i tenkjeboksen. Men han har skifta standpunkt fleire gonger tidligare. Ved dei to tidlegare folkerøystingane har han stemt både ja og nei. Men han vil ikkje seia e kva han røysta sist. Søndag vart han åtvara mot at partiet skal vera for raske med å ta ei avgjerd.

— Eg synest det er for tidleg å forsera debatten no, sa Sorteviks kollega på Stortinget, Karin Woldseth. Ho foreslo i staden at resolusjonsforslaga skulle sendast over til Europautvalet i partiet. Det same meinte sentralstyrets mann på møtet, Per Sandberg.

Og slik vart det.

Fylkesårsmøtet vedtok elles ei rekkje resolusjonar. Mellom anna seier partiet ja til byggjing av gasskraftverk straks, vegtunnel gjennom Ulriken, statlege midlar til Jondalstunnelen og Austevollbru.