• Kvinner skal ha førerett i vikariat og mellombels stillingar.* I toppleiarsjiktet skal talet på kvinner aukast systematisk ved nytilsettingar.* Ved lønsforhandlingane skal meir enn 70 prosent av den samla lønspotten gå til kvinner.* Det skal vera eit mål at meir enn 70 prosent av lønsglidinga går til kvinner. * Det skal vera hovudregelen at det berre skal skipast og utlysast heile stillingar.* Fylkeskommunen skal ta initiativ til å oppretta prøveprosjekt med 6-timars dag for kvinner i belastningsyrke.* Det skal leggjast til rette for at kvinnelege tilsette skal kunne ta etterutdanning fylkeskommunen har trong for.* Det skal vera likestillingsansvarleg ved alle avdelingar og institusjonar i fylkeskommunen.